Sider

....

onsdag 14. april 2010

Those crazy days

Eg har, som sagt, funne meg ein stad å bo. Gleder meg som en unge i godtebutikken til å bo i kollektiv og ha folk rundt meg heile tida, bo mid i sentrum, og ta vare på meg sjølv! Det har eg drømt om så lenge at, no - NO - er det på tide!

No begynner endelig bitane å felle på plass. Har vore så sjukt stress dei siste dagane:
- Finne stad å bo
- Bli kvitt leiligheita som eg bur i no
- Finne flotte menneske (helst med bil) som kan hjelpe meg å flytte
- Skrive ferdig fagoppgåva som er due på fredag- Rydde-pakke-vaske-stresse-bli gal
- Komme opp med dei drøye 13'000 kronene som det vil krevje av meg å ha eit tak over hovudet den neste månaden. Ikkje fordi leiligheita er så dyr, men alle omkostingane rundt flytting, depositum, husleige x2, osv osv.

Men NO er (nesten) alt på stell, og det er så major goodstuff at det gjer godtvondt inni meg!

Bergen er forresten fantastisk for tida. Sol, varme og glade, søte mennesker. For ærlig talt, kven kan være det aller minste sinna/sur/deppa/negativ når sola skin? Ikkje eg i allefall! Når sola skin er det nesten slik at setningsanalyse og fonetikk blir dødsgøy. Nesten da. Ok, eg vil framleis dø ein smertefull død i desse timane, men ellers er livet bra. Apropos setningsanalyse, så er eg PSYCHED for FEM TIMAR med nettopp det i morgon tidleg klokka halv ni. Nei seriously, eg er ikkje det. Aller helst vil eg legge meg ned og grine.

En sånn liten PS!
FAMILY GUY.
I går gjorde eg ei kjempeoppdaging! Eg har sett sesong 1-6 av serien, men så, når sesong 8 kom ut, hoppa eg meir eller mindre umedviten rett på den. Så dermed hadde eg ein heil sesong USETT, som eg sparar til dårlige tider.
Det var faktisk det beste med heile gårsdagen, trur eg. Pluss bandrotasjon da, som er konge! Alle på gruppa vel "sin" sang som dei skal synge, og så skal resten spele ulike instrument. Eg spelar trommer på "yesterday," gitar på "seven nation army" og "bad moon rising," bass på "you've really got me" og syng på "majesty." Kjempegøy. Men eg var passe upopulær i går siden eg fordov meg en halvtime og forårsaka at gruppa måtte øve gjennom heile lunsjen. Not so cool. Men eg har innsett mine begrensingar, og tid er ei av dei. Tid er for meg eit relativt abstrakt begrep som eg ikkje heilt greier å forholde meg til, egentlig. Men eg syns ikkje det er så farlig, eg har jo tross alt overlevd i 22 år. Om eg då blir upopulær av den grunn så kan eg jo berre skulde på diverse tynne orsakingar og dårleg oppdraging.

Men sånn, just for the record. Flytting er det mest irriterende og stressende eit menneske kan ta seg til. At nokon gjer slikt frivillig overgår mi forståing, pardon me while i cry myself to sleep lzm.

PPS! Dersom nokon har ein spotify-invite på lur, så hadde det faktisk vore veldig fantastisk. Ein spotify-invite mot overstraumande kjærleik og hugleik. Hvis DET ikkje er ein bra deal, så veit ikkje eg.


Av mangel på spesielt illustrerande bilete, slenger eg ved eit frå toppen av Bondalseidet frå no i vinter, som i det minste kan stå som eit symbol på at JA, eg har heimlengsel!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar