Sider

....

lørdag 29. mai 2010

Rakafant

Da går eg i hi fram til eg reiser heim neste lørdag. Eg er nemlig i null på kontoen og måtte pante flasker for å få råd til dasspapir. We have reached a new low, thats for sure.

fredag 28. mai 2010

Øving, øving, øving. Så ferie!

Bandeksamen stormer på, så vi satser for fullt. Eg greier til og med å nesten møte opp i tide! (I allefall denne eine dagen.... Men korleis kan et menneske forsove seg til en avtale klokka 12:00? .....lett: du er meg.)

Har manisk halsbetennelse for tida, og høres ut som eg har drukket whiskey til frokost kvar dag i ei veke. Og så hoster og harker eg kvar gang eg begynner å le, så den som seier noko morsomt no skal ha deng. Bææærre lekkert. Men egentlig litt stilig, eg syns jo sjøl at eg høres veldig rå og hardcore ut. Which I am.. høhø.

Fordi familien visstnok savner meg noko heilt fryktelig, har eg fått påspandert flybillett heim til bygda. Så da venter ei veke med råning og Vassendgutane. Eller ikkje. Men blir digg å komme heim litt, sidan eg akkurat no er temmelig lei av skarrrre-R. Nei Bergen er jo egentlig litt digg, på tross av at eg ganske random endte opp i byen. Trur det var fordi foo fighters skulle ha konsert her på det aktuelle flyttetidspunktet, og så vart ein berre værande.


mandag 24. mai 2010

Heavier than heaven


Tittelen på innlegget kom vel strengt tatt berre av at eg les den boka akkurat no. I tillegg til at eg les litt på psykologien, sidan eg har eksamen i morgon.

Har vore dårlig med internett her i det siste, berre en av mange ting som er dysfunksjonelle for øyeblikket. I dag er forresten dagen då eg skal kvinne meg opp til å gå opp på det edderkoppokkuperte loftet og vaske klede, sidan eg faktisk begynner å gå tom. For ein gangs skyld kjem det IKKJE av latskap, men av ein idiotisk og overdriven edderkoppfobi.
Eg har ikkje vore ein spesielt flink og flittig student den siste tida (les: Sidan eg begyndte på skulen i første klasse, red.anm), men akkurat dette stoffet har eg faktisk brydd meg med å lese, rett og slett fordi det er interessant. Nett no les eg om Maslows behovspyramide, som omhandlar alle dei behova som må oppfyllast i eit menneske sitt liv. Men eg merkar at eg, medan eg les, får ein sterk tendens til å psykoanalysere meg sjølv. Eg har faktisk funne diagnosen min, i kapittelet om sjølvbilete og identitet.

"Den naturlige tendensen hos unge mennesker til å utforske ulike identiteter og eksperimentere med ulike livsstiler utgjør en viktig del av etableringen av en fast identitet. Dersom man ikke får gjennomgått de ulike stadiene som dette medfører, vil man etter hvert oppleve en identitetskrise, som kan påvirke viljen til å forholde seg til andre mennesker på et dypere plan og å være i et forhold basert på mer enn gjensidig avhengighet. Dersom man ikke har oppnådd en sterk nok identitetsfølelse, kan man føle seg overveldet av andre, slik at man trekker seg unna og isolerer seg." Right on.


Men over til noko heilt anna. I det siste har været i Bergen vore heilt fantastisk! I teorien skulle ein vel egentlig krysse fingrane for regn og drittvær når ein uansett enten må jobbe eller lese til eksamen, men sidan eg stort sett hopper greit over alt som har med innsats og forpliktelsar å gjere, har eg meir eller mindre berre kosa meg i sola og vore med flotte folk. Det er slikt ein blir glad av, men det medfører ikkje nødvendigvis gode karakterar.

Men dette har eg tenkt litt på. Dersom den gamle Maya-teorien om at verden går under i 2012 stemmer, burde ein jo nyte kvart eit sekund ein har. Eg er egentlig ikkje spesielt overtruisk, men tatt i betraktning alle dei naturkatastrofene som har ramma verda den siste tida - vulkanutbrot, flodbølger, jordskjelv... - så kan ein jo nesten byrje å tru at det er oppbyggjinga til eit klimaks som skal ta verda av dage. Det bekymrer meg egentlig minimalt. Eg ser vel heller på det som eit påskot og ei unnskyldning til å gjere det aller meste ut av det som skjer rundt meg!


I det siste har det nok blitt vel mykje alkohol og festing, og ein betydelig mindre andel av fornuftig og konstruktivt tidsfordriv. Det er noko med det fine været som forvandlar ellers (ikkje spesielt) flinke og flittige studentar til festglade morroklumper. Syns egentlig ikkje det er feil. Med mindre det er ein vedvarande tendens da. Men på den andre sida er det jo snart sommarferie! Eg har siste eksamen fredag 4. juni, og etter det blir det berre chill og goodtimes så langt auget rekker. Stikker heim til Volda laurdagen etter eksamen for omsorg fra familie og slikt. Det kan nok bli litt ensomt i Bergen sidan eg ikkje kjenner så mange her som eg bryr meg noko særleg om. Og når far betaler tur/retur-billetten heim, kan ein jo ikkje takke nei.

I tillegg gleder eg meg til å kunne surfe på nett utan å måtte vente i ti minutt for at ei side skal laste. På akkurat dette feltet har eg nok blitt litt vekkskjemt, etter tre år på medialinja, etterfulgt av to år i ei leiligheit i Bergen med supernett. Så eg irriterar meg grønn over at det ikkje er mulig å høre en heil sang på spotify før ting begynner å klikke. Trur det er noko med staden eg bur eg altså, ALT her er jo heilt på trynet (meg sjølv inkludert?). Gleder meg til å flytte ein stad der golvet ikkje er dekka av støv og taket ikkje er fullt av spindelvev og edderkoppar. Eg myrda ein edderkopp på badet med hårspray ein dag, og den er framleis fastlimt i veggen. Til pass for den. Just for excisting..

Eg driv forresten og får utrulig mange morsomme spam-mails for tida. Fatter ikkje kor dei kjem fra, og kvifor nokon trur at eg ønsker å motta slikt, men underhaldande like fullt. "Hvor langt er du villig til å gå på fylla, Therese?" og "Vedrørende hvor tykk du er" er berre nokon av gullkorna. Gode greier.

Ps. Kan nokon fortelle meg kva pinse er? Det einaste eg veit er at det plutselig kun fins stengte butikkar og døde gater rundt meg, og at eg har gått med dei same kontaktlinsene i tre dagar. Begynner nesten å tru at eg er heilt åleine i verda. Ikkje at det hadde gjort så veldig masse, eg er ikkje så glad i folk uansett.

fredag 21. mai 2010

tirsdag 18. mai 2010

Syttendemaiervisåglai.

Merkelig kva litt sol og varme kan gjere med humøret! I dag var det skikkelig feelgoodstemning i Bergen. Har slappa av i sola og gått til innkjøp av nye sko, siden dei gamle var litt meir enn litt utslitt, og måtte kastes i går. Sidan eg hater å kjøpe sko vart det egentlig dei første og beste eg fann, svarte converse. Kjenner eg meg sjølv rett er dei vel utgått innan sommaren er omme.


(Sitt og skal lese no, men merker at eg slit LITT med å engasjere meg for stoffet. Men må man så må man.)

Nasjonaldag i går, og eg bytta likesågodt ut bunaden med shelluniform. Stod opp klokka fire og gikk til Sletten, og presterte LIKEVEL å komme for seint på jobb. Eg trur eg har ein feilkonstruksjon, for dette er heilt vanvittig.

På tross av at alle som var innom shell iløpet av dagen syns forferdelig synd i meg fordi eg måtte jobbe, hadde eg faktisk en kjempedag. Alle som kom innom var så glade og fornøgde at det var like før gliset gikk heilt rundt. Og det at eg tente 312 kroner i timen (f.s) gjorde jo så absolutt ikkje saken noko dårligare! Etter jobb stakk eg til byen og møtte nokre venner. Vi hang stortsett kun på Dubliner oppe ved Fløien og kosa oss med live musikk medan vi skåla for folk og fedreland. Absolutt ikkje feil!

Men, et lite biinnlegg. Om det er nokon der ute i verda som har litt meir peiling på internett og slikt enn meg (det skal ikkje så mykje til), så lurer eg på om det fins ei enkel forklaring på kvifor nettet mitt streiker i tide og utide. Umulig å streame musikk, fordi tilkoblinga er heilt ute.
spotify

fredag 14. mai 2010

Statusrapport

Argh, døgnrytma mi er heilt skada. Og lesemotivasjonen likeså.
Så i staden for å gjere fornuftige ting som å sove eller lese, nilyttar eg til Absolution-albumet til Muse og syns at livet slett ikkje er så verst.

Eg har absolutt ikkje matlyst for tida, og kan gå ein heil dag utan å huske på å ete. Trur eg skal begynne å ha alarm på mobilen ett par ganger om dagen som påminnelse...
Kan ikkje eksamen være ferdig snart, slik at eg kan vende tilbake til mitt glade "meg"? :) :) Det hadde ikkje skada.



No gledar eg meg veldig til å flytte sammen med lissjesøstra mi, berre sjå på dette bildet! Er ikkje dette søskenkjærleik så veit ikkje eg! ;)


tirsdag 11. mai 2010

Flashback

Leser intenst. Ikkje. Haha! Huff, kjem rett og slett ikkje i gang. Ok, jo litt. Men er temmelig lite motivert at the moment.

Men slik at eg ikkje skal rote vekk tid med å skrive her, kan eg kanskje heller tilby deg eit lite flashback into my past? Jess, for her er reisebloggen fra Kina/Japan-turen. Enjoy! Og i mellomtida skal eg lese intenst (haha!)

mandag 10. mai 2010

Eg hatar teknologi

Vurderer seriøst å finne meg ei tidsmaskin som kan ta meg tilbake til steinalderen.

For det første har døra på vaskemaskina kilt seg, og eg har streva med å få den opp sidan FREDAG! Og så, i dag tidlig, fekk eg den ENDELIG opp, men da var den full av vatn så eg endte opp med å oversvømme heile loftet. Så eg slengte heile skjiten inni tørketrommelen, men den får eg HELLER ikkje til å funke, fordi vanndingsen er full men eg finn ikkje ut kor den befinn seg så da greier eg jo heller ikkje å tømme den.... Logisk nok.

Og så måtte eg (MÅTTE!) skrive ut eit dokument i dag tidlig, men trur du ikkje at den helvettes printeren KUN vil SCANNE?!

For å oppsummere har eg altså ingen reine klede, og folka eg les saman med er sure på MEG fordi eg ikkje greier å ta med meg det eg SKAL ha med til kollokviegruppe. Dei kan heller få lov å knuse drittprinteren, og så går eg naken til nokon melder seg frivillig til å hjelpe meg med klesvasken.

End of story.

Ps. Slenger på to gode ting på slutten, slik at du ikkje går herifra og grine på mine vegne:
1 - eg har funne igjen husnøkkelen.
2 - eg har vore dødsflink og lese i åtte timar i dag.

Say WHAAT?!

SHIIIT! Bestod gehøreksamen! Det er så sjukt nice, tatt i betraktning at eg faktisk ikkje kan noko som helst. Gjetta meg gjennom heile greia og bestod fordi eg berre har sjukt flaks.

I går inviterte eg forresten til innflyttingsfest, med det resultat at husnøklane mine no er sporlaust forsvunne. Det er ikkje krise lissom, her bor jo folk som slepp meg inn og sånn. Er berre så vanvittig irriterande at eg ikkje greier å ta vare på tinga mine. Det var absolutt ingen som var overraska over at eg, nok ein gong, var nøkkellaus.

Kanskje for å understreke dette poenget, har eg laga ei lita merittliste på ting som eg ikkje greier å ta spesielt godt vare på. Dette er kun 2009 og 2010!

- Fire lommebøker - inkludert visakort, mastercard, penger - everything!
- Fire mobiltelefoner
- En PC
- Tre sett husnøkler
- En sykkel
- To jakker
- Ett sikkerhetskort for nettbankinnlogging

Dødsirriterende.

I går gjorde eg noko som var veldig atypisk meg: eg tok bilder. For å sprite litt opp i et ellers litt kjedelig innlegg hiver eg derfor med nokre bilder. Ganske få, vel å merke, sidan eg har oppdaga at samtlige av oss var ekstremt ufotogene. Heftig sensurert, med andre ord.



Og så en ting til, som kanskje er verdt å nevne: eg har signert på ny leilighet! Har strengt tatt ikkje råd på ein flekk, men den var så sjukt nice! Kunne ikkje dy meg (samt at eg ikkje hadde sove på eit heilt døgn og derfor hadde litt nedsløva hjerneceller). Men fra 1. juli flytter eg altså inn i en dødsfin leilighet på Danmarksplass. Og eg har heile to soverom som DU kan leige! Med den fine bonusen at du får være roomie med meg og sleppe meg inn kvar gong eg står på dørstokken og har mista husnøklane mine. Gimme a call, yes? Special price for you!

torsdag 6. mai 2010

Superstudent checking in

Gitareksamen overstått, og BESTÅTT!! Herlig! For å være ærlig var eg litt skeptisk, skalv sånn på fingrane under eksamen (nervous much??) at det var nesten umulig å få til noko vettugt. Men læreren var fornøgd, og det er alt som betyr noko (i allefall i denne sammenhengen..).

I dag var det dags for eksamen i gehør (jepp, TO eksamener på To dager. True story). Eg var på jobb til 12 i natt, så fekk ikkje lest noko i går, og all tida har jo i det siste gått med til å øve til gitareksamen. Derfor satt eg oppe i heile natt - minus ei to timer lang (ufrivillig) sovepause - før eg troppa opp på skulen i dag. Trur egentlig ikkje at eg hadde nok riktige svar til å bestå, men eg veit at eg suger i hørelære så det gjer meg ikkje så masse. Kan ta den oppatt om tre veker om eg ikkje består.

Om to timar skal eg på visning; ei leilighet med fire soverom på Danmarksplass! Hadde vore sjukt digg om vi fekk den, så kunne eg, Stine, Silje og Ingvild budd sammen der! - og at eg fekk litt meir plass å bevege meg på, hadde sjølvsagt vore ein bonus ;)

tirsdag 4. mai 2010

magic fingers?

Eksamen i bruksinstrument på onsdag! I dag har eg spela gitar sju timer sammenhengende og har no null hud igjen på fingertuppane.. Pensumet er så sjukt variert, med blueslåter, country, swing og transponering, osv osv, så er spent på om eg kan greie det! Har litt tid til å øve i morgon også; da må gruppa sette saman "showet." Kult blir det i allefall. Men kjem til å ha null fingre igjen på slutten av dagen, for først er det to timer med band, og eg skal spele både gitar og bass.... Jejeje. Heyho lets go.

mandag 3. mai 2010

Ny spotifyliste :)

Here you go.
Ein musikklapskaus utan anna raud tråd enn at eg syns alt på lista er kult ;)