Sider

....

fredag 30. oktober 2009

Den nye kalenderen!



EG HAR JULESTEMNING!
Eg kjem alltid i julestemning sånn omtrent en måned før jul, og så - når jula ENDELIG kjem - så er den OPPBRUKT! Så, derfor, har eg bestemt meg for å lage ein Therese-kalender!
Frå no av ser høgtidsdagane SLIK ut:

1., 2., 3., 4., 5. og 6. januar er helligdager. Folk flest har fri desse dagane, og dei stakkars menneska som må jobbe får 100% lønn.

14. februar er det Alle Hjertes Dag. Denne dagen har alle* fri, slik at ein kan pleie kjærleik til familie, venner eller seg sjølv. (Les: Spa)
*På Alle Hjertes Dag er det kun Spa-fasiliteter som har lov til å være opne.

Påskeferien startar 15. mars kvart år, så slepp eg å lure.

1. april skal avskaffast, så slepp eg å bli lurt kvart bidige år!

1. mai fell (sjølvsagt) på første mai. Hallo?

...men...
17. mai skal avholdast første fredagen ETTER 17. mai, sånn at man har heeile helga å kome seg på.

10. september skal bli offentlig høgtidsdag; ein fantastisk og velsigna dag som i hovudsak går ut på å hylle fødselen av Therese.
(Også tidsrekninga skal endrast. I år er det år 21 e.T - etter Therese)

Første søndag i oktober er frå no av første søndag i advent, og julaften feirar vi 1. november. Dette er dagen for familie, gåver, god mat og fin musikk.

Men dette vil jo ikkje seie at juleferien mellom det som tidligare var jul, og det som framleis er nyttårsaften, blir spolert! For:

24. desember feirer vi midtvintersfest! Då samlast familie og venner til fest, med song og dans og musikk, og vi tenner stearinlys i små lykter langs alle gater, og henger opp lys overalt - på hus, tre, bilar, lyktestolpar - you name it! Under midtvintersfesten skal den mørke årstida gjerast lys, og vinterdepresjonen skal feiast vekk som hybelkaninar under vårreingjeringa!

Nøyaktig ei veke etter jul blir 21 e.T til 22 e.T, gode føresett blir skapa - for så å brytast dagen etter - og ein nyt god mat og flotte (statsfinansierte, kommuneoppskotne) fyrverkeri saman med familie og gode vener.

God jul og godt nytt Therese-år!

torsdag 29. oktober 2009

Litt bilder :)

Skyte-anda-facist-opplegget tok eg vekk. Gøy mens det varte, men så var det ikkje gøy lenger - berre stress....

Her kjem nokre bilete som eg vil dele!


Altså * Klare for muse * To bilder fra konserten * Frokosten dagen etter * Flott slott - men nærare gadd vi ikkje å gå

aMUSEd

I dag har Marcus hatt bursdag, og er dermed "heile" 22 år gammal. Rart kor fort tida går; føles ikkje SÅ lenge sidan at han var ein flørtete attenåring som nettopp hadde fått lappen... hehe ;)
Eg må ærlig innrømme at eg sleit meir enn litt med gave til mannfolket; kva gir ein til nokon som har ALT? Han er jo fullstendig håplaus å kjøpe gåve til - er det noko han ønsker seg så kjøper han det sjølv. Difor: kjøpeforbud fram til jul! Alt han vil ha skal skrivast opp på ei LISTE, og så kan han håpe på at Julenissen tykkjer han har vore snill i år :)

I helga var eg og Silje i Oslo og såg Muse!



Vi tok morgontoget frå Bergen klokka 07:58 søndags morgon, og etter seks timar på tog var vi plutselig i tigerstaden! Konserten var like fantastisk som dagen etter var lang. Vi shoppa og traska Karl Johann opp og ned ein heil dag, før toget gjekk frå Oslo mandags kveld i 11-tida.
Vi var tilbake i Bergen tiiiidlig tysdags morgon, og for min del bar det nesten rake vegen frå tog til dramaeksamen! - som vi fekk ståkarakter på forresten, dramaeksamen gjekk faktisk over all forventning!

Eg vil forresten vise fram verdas finaste kåpe, som eg - tru det eller ei - fann på Vero Moda (!) på Åsane! Eg fekk kjøpeforbud av Marcus - som hevda at eg verken hadde råd til, eller behov for, ei (fantastisk vakker) ny kåpe til den nette sum av 999 kroner. Norske kroner, ja. Og eg er student. Point taken.

Men likevel; her er bilder av Den Perfekte Kåpa!













Like kul opa....


















...som igjen!





















Og med ei STOOR og god hette! Hugleik <3







Eg får nøye meg med fine bilder av ei finfin kåpe. Dream!

lørdag 24. oktober 2009

skyt anda.
muse i oslo på søndag.
eksamenshelvete.
depressjon og søvnmangel.

oppdatering okay?

søndag 18. oktober 2009



Eg treng ein hobby.
Skule er IKKJE ein hobby. Det er heller ikkje ein hobby å jobbe på Shell, eller å gå ut i helgene og ein torsdag i ny og ne.

Eg er for lat til å bedrive sport, for evneveik til å surre rundt med eit kamera, har null kunstneriske evner og er generelt litt dum. What to do.

Min hobby for augeblinken er å lage mat og bli feit. Go trøstespising -.-

søndag 11. oktober 2009

lørdag 10. oktober 2009

Cafè World

Eg er hekta. Facebookspel OMG.