Sider

....

fredag 30. oktober 2009

Den nye kalenderen!



EG HAR JULESTEMNING!
Eg kjem alltid i julestemning sånn omtrent en måned før jul, og så - når jula ENDELIG kjem - så er den OPPBRUKT! Så, derfor, har eg bestemt meg for å lage ein Therese-kalender!
Frå no av ser høgtidsdagane SLIK ut:

1., 2., 3., 4., 5. og 6. januar er helligdager. Folk flest har fri desse dagane, og dei stakkars menneska som må jobbe får 100% lønn.

14. februar er det Alle Hjertes Dag. Denne dagen har alle* fri, slik at ein kan pleie kjærleik til familie, venner eller seg sjølv. (Les: Spa)
*På Alle Hjertes Dag er det kun Spa-fasiliteter som har lov til å være opne.

Påskeferien startar 15. mars kvart år, så slepp eg å lure.

1. april skal avskaffast, så slepp eg å bli lurt kvart bidige år!

1. mai fell (sjølvsagt) på første mai. Hallo?

...men...
17. mai skal avholdast første fredagen ETTER 17. mai, sånn at man har heeile helga å kome seg på.

10. september skal bli offentlig høgtidsdag; ein fantastisk og velsigna dag som i hovudsak går ut på å hylle fødselen av Therese.
(Også tidsrekninga skal endrast. I år er det år 21 e.T - etter Therese)

Første søndag i oktober er frå no av første søndag i advent, og julaften feirar vi 1. november. Dette er dagen for familie, gåver, god mat og fin musikk.

Men dette vil jo ikkje seie at juleferien mellom det som tidligare var jul, og det som framleis er nyttårsaften, blir spolert! For:

24. desember feirer vi midtvintersfest! Då samlast familie og venner til fest, med song og dans og musikk, og vi tenner stearinlys i små lykter langs alle gater, og henger opp lys overalt - på hus, tre, bilar, lyktestolpar - you name it! Under midtvintersfesten skal den mørke årstida gjerast lys, og vinterdepresjonen skal feiast vekk som hybelkaninar under vårreingjeringa!

Nøyaktig ei veke etter jul blir 21 e.T til 22 e.T, gode føresett blir skapa - for så å brytast dagen etter - og ein nyt god mat og flotte (statsfinansierte, kommuneoppskotne) fyrverkeri saman med familie og gode vener.

God jul og godt nytt Therese-år!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar