Sider

....

lørdag 24. januar 2015

Dagens outfit


Et bilde sier mer enn tusen ord! Hoho...

Det slitne ansiktet kalles forresten "fredagstrynet." Kommer sterkere tilbake i morgen.

søndag 11. januar 2015

Fjols til fjells

I går og i natt har orkanen "Nina" herjet i hele landet, og aller verst var det her i Hordaland. 

At metereologene hadde meldt den verste stormen på 20 år var likevel rett og slett helt borte fra hodet mitt da eg stod opo i går morges, og insisterte på at vi måtte dra til Kvamsskogen for å stå på ski... (!) Kva vi tenkte med veit eg rett og slett ikkje, da vi pakka bilen og la i veg mot snø og skiføre. På vegen oppover merket vi at det begyndte å blåse opp, og da vi nådde toppen og gikk ut av bilen, gikk det opp for oss hva vi hadde begitt oss ut på! Vinden blåste oss overende, og haglet pisket i ansiktet som tusen iskalde nåler. Innimellom vindkastene fikk vi lekt litt i snøen og prøvd ut akebrettet til Hennika, men det tok ikkje lange stunden før vi måtte gi tapt for naturkreftene og melde retrett. Snakker om fjols til fjells!! 



I byen hadde stormen begyndt å ta seg opp, og da vi kjørte hjemover lå trær veltet over vegen. Vi holdt oss inne resten av dagen, og mens vinden ulte og bråket utenfor, baket vi italiensk pizza og sjokoladestjerne-brød inne!



onsdag 7. januar 2015

Nytt begrep..?

Hennika oppdaga at faren hadde eit hol i T-skjorta si, og utbryt: "pappa, du har gulrot-hull!!" Kor DET begrepet kom frå aner eg ikkje, men ho sprang til kjøleskapet og fann ei gulrot for å tette holet. Det var ein iskald opplevelse, skal ein tolke hyla til faren. 


Discotryne



Denne kremen lover å gi ansiktet ny "glød." GLØD?? Really?! Prøv "(...) i tillegg til at den gir ansiktet et tykt lag av skinnende glitter." Ansiktet mitt ser ut som ei discokule. Men kanskje det er ein del av den "anti-aldrende, hippe ungdomslooken" som denne mirakelkremen lover meg.

lørdag 3. januar 2015

Nyttårsforsett og andre trivielle greier

I løpet av denne advents- og romjulstida har eg konsumert så mykje sukker at eg er overtyda om at det er helseskadeleg. Eg trur faktisk at heile meg er sukkerglasert på innsida! Eg brukar ikkje å komme med nyttårsforsett, då dei stort sett er tomme løfter uansett, men av hensyn til mi eiga helse må eg likevel love meg sjølv at 2015 skal bli eit år med mindre sukker og meir mosjon! Min søte PT sendte meg melding rett før jul for å sjekke om eg framleis var i live - då eg ikkje hadde gitt lyd frå meg i heile desember måned - så i januar skal ho jammen få noko å bryne seg på! 

I dag bestemte eg meg for å ta til på ny frisk og gå opp på Breisteinfjellet for å lufte hovudet. Eg dressa meg opp i Kari Traa-superundertøyet og Bergans-buksa som eg fekk til jul, og følte meg supersporty. Eg tok småen på skuldrane, og la i veg ut i skogen. 


Men la deg ikkje lure. Omtrent fem minutter inn i skogen innsåg eg at hagl, 30 cm med vatn på stien og 13 kilopå skuldrane muligens var ein i overkant "heavy start" to dager etter pinnekjøt, julekaker og anna julegodt. Eg måtte gi tapt, og i staden gikk vi på tur til Trollhytta med naboungane og drakk kakao. Etterpå gjekk vi på oppdagingsferd i skogen kring huset vårt, og oppdaga at berre 10 meter unna tomta vår ligg eit tilsynelatande forlatt hus, men kor vi såg både nye verktøy på veggen og nye sjøstøvlar utanfor døra. Veldig mystisk, spesielt sidan den einaste stien frå huset leda rett inn i hagen vår. 

Etter turen drog vi på shopping, og kom heim med to nye singleter til meg ogen veldig rosa dukkevogn til prinsesse Alt-Må-Ver-Rosa. Gjett kven som var mest nøgd med handelen. 

Elles har eg laga (verdens beste!) lasagne, vaska huset og så FORSØKTE vi å sjå "The Great Gatsby." Snork. Vi skrudde den av halvvegs, og såg heller "The Wolf of Wall Street." Veldig bra film, men den skulle og vise seg å ver ueeeeeendelig lang. No er den endelig ferdig, og eg finn senga fortare enn du klarer å sei "kebabsjappe." God natt. 

torsdag 1. januar 2015

Takk for det gamle

Brått var nok eit år omme, og reine, ubrukte ark ventar. 2014 var eit veldig fint år, så eg vonar med heile meg at det nye året kan måle seg! 

2014 går inn i historia som eit godvêrsår, ja, faktisk det varmaste året på lange tider. Sommaren starta allereide i mars, og vi gjekk flotte fjellturar og sov i telt i skogen. Vi naut lange, late dagar hjå svigers på hytta, og kjørte på turar med båten deira. 


Denne sommaren drog vi på ekte familieferie til Dyreparken i Kristiansand og vidare til Sverige. Vi var óg i Spania med mine foreldre, og så var eg på festival med vener. 



Dette var året då vi oppdaga at Hennika var meir enn klar for å ta til i barnehage, og eg endeleg fekk arbeid i skule. Audun, på si side, sa opp sine årelange jobb som heismontør, og tok til på eit nytt og spennande kapittel som sjølvstendig næringsdrivande.


Til og med jula, som starta så turbulent, endte med julefeiring i Volda, snødekte vegar og nyttårsfeiring hjå svigerfamilien Iversen. 




No er det nye året ringa inn, alle julekakene ete opp (ooops... Tar på meg skulda for det!) og Hennika og Besto rydder vekk julepynten medan faren raserar stua med eit kjempeirriterande, fjernstyrt helikopter. Så då gjenstår det berre for meg å takke for det gamle, og ynskje eit nytt og spennande 2015 velkomen med opne armar!