Sider

....

lørdag 3. januar 2015

Nyttårsforsett og andre trivielle greier

I løpet av denne advents- og romjulstida har eg konsumert så mykje sukker at eg er overtyda om at det er helseskadeleg. Eg trur faktisk at heile meg er sukkerglasert på innsida! Eg brukar ikkje å komme med nyttårsforsett, då dei stort sett er tomme løfter uansett, men av hensyn til mi eiga helse må eg likevel love meg sjølv at 2015 skal bli eit år med mindre sukker og meir mosjon! Min søte PT sendte meg melding rett før jul for å sjekke om eg framleis var i live - då eg ikkje hadde gitt lyd frå meg i heile desember måned - så i januar skal ho jammen få noko å bryne seg på! 

I dag bestemte eg meg for å ta til på ny frisk og gå opp på Breisteinfjellet for å lufte hovudet. Eg dressa meg opp i Kari Traa-superundertøyet og Bergans-buksa som eg fekk til jul, og følte meg supersporty. Eg tok småen på skuldrane, og la i veg ut i skogen. 


Men la deg ikkje lure. Omtrent fem minutter inn i skogen innsåg eg at hagl, 30 cm med vatn på stien og 13 kilopå skuldrane muligens var ein i overkant "heavy start" to dager etter pinnekjøt, julekaker og anna julegodt. Eg måtte gi tapt, og i staden gikk vi på tur til Trollhytta med naboungane og drakk kakao. Etterpå gjekk vi på oppdagingsferd i skogen kring huset vårt, og oppdaga at berre 10 meter unna tomta vår ligg eit tilsynelatande forlatt hus, men kor vi såg både nye verktøy på veggen og nye sjøstøvlar utanfor døra. Veldig mystisk, spesielt sidan den einaste stien frå huset leda rett inn i hagen vår. 

Etter turen drog vi på shopping, og kom heim med to nye singleter til meg ogen veldig rosa dukkevogn til prinsesse Alt-Må-Ver-Rosa. Gjett kven som var mest nøgd med handelen. 

Elles har eg laga (verdens beste!) lasagne, vaska huset og så FORSØKTE vi å sjå "The Great Gatsby." Snork. Vi skrudde den av halvvegs, og såg heller "The Wolf of Wall Street." Veldig bra film, men den skulle og vise seg å ver ueeeeeendelig lang. No er den endelig ferdig, og eg finn senga fortare enn du klarer å sei "kebabsjappe." God natt. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar