Sider

....

søndag 28. mars 2010

Eg syns at heile sommertid/vintertid-opplegget er stressende og forvirrande. Akkurat no er eg ikkje sikker på kva klokka er.

Kjøpte et kult bilde av en kul dame. Digger det, etter sigande vart det laga som en reaksjon på eit dårlig julebord.

I morgon reiser eg og Silje til Snåsa! Vi skal besøke to fantastiske mennesker som tilfeldigvis, for augeblinken, held til i ein av noregs avkrokar. Gleder meg!

onsdag 24. mars 2010

akkurat no: så vanvittig usannsynlig og ufattelig sliten. klokka er halv ti, og eg legg meg, NU. trur ikkje eg har lagt meg så tidlig sidan.... ever.

statement: praksis + søvnmangel + stress suger kreftene ut av kroppen og etterlater a big fuckin hole of nothingness. you gotta love it.

Blakk?

Æsj. Kvifor har eg ikkje lært å spare? Skal til Snåsa i påska, og har 500 spenn å bruke. What to do???

mandag 22. mars 2010

Dette vil eg i sommar!

Malakoff
Moldejazz
Volda

Lengre enn det gidd eg ikkje å reise. Fordi lommeboka ikkje tillet det.

Men, om eg var millionær, ville eg reist til

Paris, her representert med Sacre Coeur, min favorittstad i heile byen! Nydelig område på toppen av ein ås, med storbyen og Eiffeltårnet på framsida, og Montemartre på baksida.

Italia! Eg gjekk i ein alder av 16 år til innkjøp av ein italiensk parlør, slik at eg hadde den til den dagen eg skulle reise rundt i Italia. Lengre enn parløren kom eg aldri. Eller, jo, eg lærte litt italiensk gjennom ei lydbok som eg hadde på iPoden då eg jobba som nattevakt. Men draumen er å reise rundt i landet. Eg vil i allefall reise til Napoli, Roma og Venezia. Eg har forresten sett litt på open togbillett rundt i landet, som gjer det mogleg å reise litt utanfor allfarveg. I wish!

Kina. (På bildet: Sommarpalasset i Beijing. Heilt utrulig vakkert der.) Eg har så utruleg lyst til å reise tilbake til Kina! Her er eit bilete frå byen Xi'an, som også er heilt fantastisk. Og Yunnan-provinsen, som er kjent for enorme rismarker. Utruleg syn!

Santorini. Har kun sett bilete frå den greske øya, men det ser så fantastisk ut at eg tillet meg sjølv å drømme.

Revurdering

Då hadde helga gitt slipp på meg, og eg sitt att med ei djupare forståing av livet: limmericks er ikkje kult. Og har mest sannsynlig ikkje vore kult sidan slutten på 20-talet. Med andre ord; mi karriere som limmerickpoet sluttar her -->. Egentlig litt synd, eg var rå.

Kvardagen er keisam.
Her er musikk som hjelp litt på situasjonen
---> her-her-her

haha eg er morosam

Denne helga har eg vore litt hekta på riming. Og då spesielt limmericks, og rimet "vin" og "fin." (Den siste av åpenbare grunnar)

Sidan eg ikkje er klar for å gi slipp på helga heilt enno, held eg fram med å dikte middelmådige limmericks. Hvis du ikkje vil lese, lukk augo

NO!!!!

Du heldt altså fram med å lese?
Nysgjerrigper!

Har du høyrt om mannen med sekken?
Han dreiv og hoppa over hekken!
Men ein dag sa det *plask*
og han fekk seg ein vask,
for då fell mannen i bekken!

søndag 21. mars 2010

Vår?




På trass av mitt prinsipp om å ikkje bevege seg på søndag - med mindre ein - gjekk eg og Marit ein tur i dag. MÅTTE jo, når det var varmt og godt ute, og lukta vår overalt!

Statement: Eg ELSKAR vår! :D

Hoi, no fekk eg plutselig lyst til å skrive ned alle ting som eg er glad i! Greit å ha å sjå på ein dag eg er "down and troubled, and need some loving care."

Eg syns sommar er fantastisk, og då spesielt Årneset-sommar. Sandvolleyball, bading, chill og bålkos på kvelden! Saknar Volda-sommer. Og ein annan ting som er fantastisk, er sjokolade. Eg elskar sjokolade. Og så er eg så heldig at eg kjenner så ufattelig mange nydelige menneske, som eg er fantastisk glad i! Om du som les dette innlegget kjenner meg, så er eg mest sannsynlig veldig, veldig glad i deg. Ikkje på ein sånn merkelig måte, men heller sånn at eg garantert ville kome til deg med suppe og klem når du er sjuk. Eller berre treng ei oppmuntring. Åååååh eg har så lyst på sommar! No? :) I love summertime!!

torsdag 18. mars 2010

Going to a Bad Taste-party?
Bring me as your date.

Supermassive Chillout

Oppsum av dagen lissom.
Opp tidlig, være praksisstudent, buss, buss og atter buss, henging med Silje på danmarksplass. Likar praksis, likar Siljehenging og buss - til ein viss grad? - men opp tidlig? Not so much.
Så da var det marsj i seng, og rising and shining (??) om sånn omtrent fem timar. Kvifor er samfunnet skapt av og for A-menneske? Kva med eit samfunn for menneske som likar å sitte oppe og spele/sjå film/godknows sånn midt på natta, for så å sove vekk heile morgonen? Eg stemmer i med eit rungande JA! :D

onsdag 17. mars 2010

Det lissje veggisinnlegget

Fekk plutselig for meg at eg skulle skrive eit lite veggisinnlegg, så difor er det nett det eg gjer.
Eg er veggis, og har vore det i ganske mange år. Å leve som veggis er kjempeflott, dersom du veit kva du driv med. Det er likevel eit par ting ein bør tenke på, dersom helsa og energien skal vere på topp.

Dette er basert på eget kosthold, som er fritt for kjøtt og melk.

Kosttilskudd:
- Kalsium
- B2 og B12
- Omega 3

Det er viktig å få i seg mye belgfrukt (bønner, erter, linser), et variert utvalg grønnsaker (gjerne grønnsaker med sterke farger, dei inneheld flest antioksidantar), om mulig et ukentlig måltid med fisk, chili, paranøtter, soyabønner.

Enkle og kjappe vegetaroppskrifter:

Den enkleste:
Veggis pytt-i-panne. Steik en pakke lapskausblanding, og voilà! Haha.

Thailandsk kokossuppe (sterk):

Du treng:
1 boks kokosmelk
1 heil chili
Kikoman Soyasaus
1 gulrot
6 store champignoner
Fersk ingefærrot
Vårløk
1 lime

Hell kokosmelk i en gryte. Finhakk halve chilien og tilsett i kokosmelken. Snitt den andre delen av chilien i så store bitar at dei lett kan takast ut etter at suppa er ferdig. Skjær gulroten i strimler og ha i gryten. La suppen koke i 5 minutter.

Skjær opp champignon og steik godt på steikepanne, før tilsettes i suppen. Tilsett finhakket ingefærrot (trengs veldig lite. Smak til, og tilsett heller meir underveis enn å overdrive i begynnelsen). Rasp limeskall i suppen, og press litt limesaft oppi. Tilsett strimlet vårløk og to dråper soyasaus, og la suppen koke i nokre minutt. Ta av platen og la trekke i 5 minutt. Ta ut dei store chilibitane før servering.

Alternantiv: Kan også tilsette nudler på slutten av koketiden, om ønskelig.

Pastagryte à la Veggis:

Du treng:
3 dl pastaskruer
1 boks grovhakka tomater
Eit glas hermetiserte kvitløksfedd
2 løk
Grøn paprika
Brune bønner
Pepper, salt

Kok pasta. (You dont really need a recipe for this, do you??) Hell grovhakka tomater i ei gryte, og tilsett hakka kvitløksfedd, paprika, bønner og kutta løk. La koke i 7 minutt, og tilsett pasta på slutten av koketida. Smak til med salt og pepper.

tirsdag 16. mars 2010

Alice in Wonderland: Tidenes største filmskuffelse.

Jeg syns Tim Burton, jevnt over, er en særdeles dyktig regissør, med blandt annet Sweeney Todd, Edward Scissorhands og Nightmare before christmas på samvittigheten. Har min store helt begyndt å tape seg?

Tim Burton streber konstant etter å være særere, mørkere og mer original enn øvrige filmer på markedet. For meg kan det virke som han her har tatt steget litt for langt. Sminke og animasjon har fått en enorm oppmerksomhet, og tar alt fokus vekk fra skuespillerprestasjoner og plot, som begge deler (for meg) kan virke platt og kjedelig. Undertonene og bihistoriene fra den orginale Lewis Carroll-boka må vike plass for pompøt skuespill og overdådige animerte kulisser, som mange bærer et uferdig preg.

Dei siste åra har den godeste Burton fått en lei tendens til å gjenta seg sjølv:
Johnny Depp som skodespelar:
- Alice in Wonderland
- Sweeney Todd
- Corpse Bride
- Charlie and the Chocolate Factory
- Sleepy Hollow
- Ed Woods
- Edward Scissorhands

Helena Bonham-Carter som skodespelar:
- Alice in Wonderland
- Sweeney Todd
- Corpse Bride
- Charlie and the Chocolate Factory
- Big Fish
- Planet of the Apes

Danny Elfman som komponist:
- Alice in Wonderland
- Corpse Bride
- Charlie and the Chocolate Factory
- Big Fish
- Planet of the Apes
- Sleepy Hollow
- Mars Attacs!
- Nightmare before Christmas
- Batman + Batman Returns
- Edward Scissorhands
- Beetle Juice

Og i tillegg til å bruke fast crew, har Tim Burton ein svært distinkt registil, med sterke, klare kontrastfargar, gjerne litt outcast karakterar og ei kreativ historie med logiske bristar.

Slik eg ser det, er Burton sin eigen største konkurrent, og denne gongen har han blitt grusa av sitt eige ego. For lite fokus på historieforteljinga og framdrifta, og for mykje fokus på det visuelle.

Vil du sjå ein flott Tim Burton-film?
- Edward Scissorhands - fantasydrama frå 1990, med mellom anna Johnny Depp og Winona Ryder i hovudrollene


- A Nightmare Before Christmas - Animert fantasymusikal frå 1993

mandag 15. mars 2010

I mangel på betre ting å ta seg til: la oss snakke om været

Veit du kva?

No syns eg faktisk at det godt kan bli sommar, faktisk! For no er eg lei av snø og sørpe og slaps og dritt, sådetså.

Det var faktisk sol idag da, men så vart det plutselig sludd. Tenk det. Blir deppa av heile opplegget.

Så, for å muntre meg sjølv opp, tok eg solarium. Ikkje i dag altså, men for fire dagar sidan. Og eg er framleis solbrendt! Thankyouverymuch lissom.

Har egentlig ingen planer for sommaren, men plutselig var ferielista kome opp på jobb. Føler meg liksom ikkje spesielt motivert til å planlegge sommarferie, når det virker som det skal være drittvær langt inn i august. DET ER MARS, goddamnit!

søndag 14. mars 2010

Swingdans!


Skal ha swingundervisning på mandag. Trur eg i allefall har ei viss peiling på kva swingdans går ut på, men eg er aldeles ikkje sikker. Så her; i teikneserieformat, kjem eit lite utkast.

Musikk: Rock around the clock
Nr. 1 er innleiing, etter at ein har kome til 5, går ein rett på 2. Resten av dansen vil altså berre vere del 2, 3, 4 og 5 fleire gongar.

Dansen er laga for elevar i 7. klasse.


- update, mandag 19:25
Danseundervisinga gjekk sjukt bra! Er skikkelig fornøgd med opplegget. Starta med å lære elevane stega medan dei stod på to rekker - jentene mot gutane. Deretter sette eg dei saman i par. Dei hadde tydelegvis ikkje vakse frå "jente/gutte-lus," men då er det i allefall på tide! :P

onsdag 10. mars 2010

I would, I could, I should...


Eg likar avocado.
Så veit du det.



Har laga ny header i dag, av uviss grunn. Fordi eg kjeda meg, sannsynligvis.
Ikkje at eg BURDE kjede meg.
Eg burde:
- Lære meg å danse swing
- Lage undervisingsplan til fredag
- Legge meg tidleg
- Legge om kosthaldet mitt

I staden:
- Et eg veldig usunt
- Spelar trompet heilt til folka i underetasjen banker i golvet (ikkje sitt golv da, men mitt golv. Som er deira tak. Logisk nok.)
- Lager ny header til blogg
- Sitt oppe så lenge at eg sikkert forsøv meg i morgon - igjen.

For, ja, i dag forsov eg meg. Kraftig. Men eg var klar på rekordfart (10 minutt??!! Man er da tross alt kvinne...? Nei, ikkje i dag). Eg skuldar på vekkarklokka. Og kanskje litt på meg sjølv.

Dagens statement: eg er så intenst, vanvittig og gjennomført eit B-menneske. Eg ser det no. Her kan man skulde på
1) Arv
2) Miljø
3) Seg sjølv


Forresten så har eg kjøpt meg nye sko i dag. Billige joggesko på tilbud-tilbud, ganske stygge men bedre enn dei eg har - gir meg sår under foten. Føkka såle elns. Heyho. No skal eg sove.

Kanskje.

tirsdag 9. mars 2010

Våryr!


Ønsker å feire at asfalten er tørr og synlig med ett (eller flere?) par nye sko!


Har for eksempel falt helt for desse, fra Adidas!











Digger også Cherry Hill-skoa fra Zoo York!
Finnes i flere kule farger.
















Forresten, apropos vår. Fant på at jeg skulle ta solarium i dag, sånn på gøy. Men nå er jeg svidd på hele kroppen, og holder på å dø. Herlig!

mandag 8. mars 2010

Reisesjuk!!

Tilbake til Bergen, til praksis og til kvardag. Eg trives godt i Bergen, men akkurat no er eg så ufatteleg reisesjuk! Når eg ser ut vindauget og berre ser skumringsmørke, snø og minusgrader, er det vanskeleg å hindre at tankane trekker mot varme strøk med sandstrand og sol!

Eg lager meg ein kopp kakao og trøster meg med den :) Men believe me, hvis det ikkje på mirakuløst vis blir sommar og sol akkurat NO, bestiller eg ein ein-vegs billett til ekvator!

fredag 5. mars 2010

newsflash

Nyhende nr. 1: Eg har kjøpt meg nye tøfler!
Hehe, ok, ikkje sånn "WOW!!" men dei er så fine at eg vil vise dei fram! :)










Nyhende nr. 2: ALICE IN CHAINS SPELAR PÅ ROSKILDE I SOMMAR!!! Alice in Chains OG Muse. Dersom Foo Fighters og Queens of the stone age OGSÅ melder seg på, kjem eg GARANTERT!

Opp på fjellet...

I dag fann gamlefar ut at han skulle ta meg og Stine med på kveldskjøring på skisenteret. Eg har ikkje stått på ski på evigheter, så det vart reinaste leiteaksjonen å finne att skibuksa mi (som vi til slutt fann i leikehytta i hagen -??). Oppi lomma på den fann eg forresten eit skikort frå siste gongen eg stod på ski: 1. februar 2008. Så då seier det seg vel sjølv at eg var LITT rusten! ;)

Opp på fjellet bar det, og føret var fantastisk! Først måtte eg prøverenne litt i hovudtrassèen på framsida av fjellet, berre for å sjå at eg framleis hadde det i meg. Men det er jo nesten som å sykle; har du lært det, gløymer du det ikkje så fort.

I neste runde hadde eg kome fram til at eg var fullstendig i stand til å teste ut baksida av fjellet, der puddersnøen låg tjukk. Utrulig deilig! Så då er eg førebudd til ei påske med ski, kvikklunsj og kakao! HEHE.

Apropos påska, så er planane endelig i boks! Eg, Silje og Marcus - og forhåpentlig vis også Ingvild og Håvard - kjører til Snåsa for å besøke Risten og Daniel! Gler meg kjempemykje, har ikkje sett dei sidan september.

Memo til Ingvild: Vi reiser frå Volda 29. mars, og fer tilbake 2. februar. Hope you can join us! :)

torsdag 4. mars 2010

Green Dream?

Hadde en skikkelig sær drøm i natt: eg drømte at eg laga ein all green tre-retters middag. Altså at ALT var grønt.

Forrett: Grønne epler med guacamole-dip
Hovedrett: Spinatpasta med grønn pesto, kuttet grønn paprika, avocado, grønne bønner og belgerter
Drikke til maten: Kinesisk grønn te
Dessert: Fruktsalat av grønne druer, kiwi, sitronmelisse, grønne epler og små biter av lime.
Drikke til desserten: Green Label kvitvin

Legg merke til kor vanvittig gjennomtenkt eg er når eg drømmer...! Tenk om det kunne overførast til våken tilstand også.

tirsdag 2. mars 2010

Vinterferie på G!

Etter ei lang og lærerik veke, etterfulgt av ei tøff helg med overdosetilfelle på jobben, må det seiast å vere godt å kunne setje seg på flyet og reise heim!

Landa på flyplassen mellom Volda og Ørsta klokka 11 i går, og stakk rett opp på Trafikksentralen for å avlegge teoriprøve. Igjen. Og eg strauk. Igjen.

Då eg var 17, hadde eg - som mange andre 17åringar - ein ambisjon om å ta lappen når eg fylte 18. Det var fridom, det var makt og det var verda for mine føtter.

Så kva gjekk gale?

Eg har lest i "Vegen til førarkortet" sidan eg var 16, kjenner boka inn og ut, har tatt ein halv million sånne teoriprøver på nett, bestått alle, og alt skulle vere på stell.

Men så. Eg trur at spørsmåla på teoriprøva er henta frå alle andre stadar enn den stygge "Veien til førerkortet"-boka! For kvar i den boka står det til dømes at trikk har forkjørsrett?? Eller kor mange meter ein køyrer i minuttet dersom ein køyrer 80 km/t?! Det er jo forresten eit MATTESPØRSMÅL, trur dei - ærleg tala - at eg sit og reknar MATTE medan eg køyrer?? HALLO.

I går kveld fann eg og søstra mi på at vi skulle prøve ansiktsmasker! Vi tok på kvarandre etter tur, min var en grønn gugge som tørka og gjorde heile ansiktet stivt og ubevegelig. Stine sin var laga av raud leire, som IKKJE stivna. I staden draup det raud leire-maske over heile stua, noko som var lite populært mellom øvrige familiemedlem...

I morgon har pappa tatt seg ein velfortjent fridag frå jobb (mannen jobbar i snitt 100 timar i veka), så da skal eg få øvekjøre til Ålesund! Dødslenge sidan eg har sittet bak rattet, så gleder meg!