Sider

....

tirsdag 2. mars 2010

Vinterferie på G!

Etter ei lang og lærerik veke, etterfulgt av ei tøff helg med overdosetilfelle på jobben, må det seiast å vere godt å kunne setje seg på flyet og reise heim!

Landa på flyplassen mellom Volda og Ørsta klokka 11 i går, og stakk rett opp på Trafikksentralen for å avlegge teoriprøve. Igjen. Og eg strauk. Igjen.

Då eg var 17, hadde eg - som mange andre 17åringar - ein ambisjon om å ta lappen når eg fylte 18. Det var fridom, det var makt og det var verda for mine føtter.

Så kva gjekk gale?

Eg har lest i "Vegen til førarkortet" sidan eg var 16, kjenner boka inn og ut, har tatt ein halv million sånne teoriprøver på nett, bestått alle, og alt skulle vere på stell.

Men så. Eg trur at spørsmåla på teoriprøva er henta frå alle andre stadar enn den stygge "Veien til førerkortet"-boka! For kvar i den boka står det til dømes at trikk har forkjørsrett?? Eller kor mange meter ein køyrer i minuttet dersom ein køyrer 80 km/t?! Det er jo forresten eit MATTESPØRSMÅL, trur dei - ærleg tala - at eg sit og reknar MATTE medan eg køyrer?? HALLO.

I går kveld fann eg og søstra mi på at vi skulle prøve ansiktsmasker! Vi tok på kvarandre etter tur, min var en grønn gugge som tørka og gjorde heile ansiktet stivt og ubevegelig. Stine sin var laga av raud leire, som IKKJE stivna. I staden draup det raud leire-maske over heile stua, noko som var lite populært mellom øvrige familiemedlem...

I morgon har pappa tatt seg ein velfortjent fridag frå jobb (mannen jobbar i snitt 100 timar i veka), så da skal eg få øvekjøre til Ålesund! Dødslenge sidan eg har sittet bak rattet, så gleder meg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar