Sider

....

onsdag 10. mars 2010

I would, I could, I should...


Eg likar avocado.
Så veit du det.



Har laga ny header i dag, av uviss grunn. Fordi eg kjeda meg, sannsynligvis.
Ikkje at eg BURDE kjede meg.
Eg burde:
- Lære meg å danse swing
- Lage undervisingsplan til fredag
- Legge meg tidleg
- Legge om kosthaldet mitt

I staden:
- Et eg veldig usunt
- Spelar trompet heilt til folka i underetasjen banker i golvet (ikkje sitt golv da, men mitt golv. Som er deira tak. Logisk nok.)
- Lager ny header til blogg
- Sitt oppe så lenge at eg sikkert forsøv meg i morgon - igjen.

For, ja, i dag forsov eg meg. Kraftig. Men eg var klar på rekordfart (10 minutt??!! Man er da tross alt kvinne...? Nei, ikkje i dag). Eg skuldar på vekkarklokka. Og kanskje litt på meg sjølv.

Dagens statement: eg er så intenst, vanvittig og gjennomført eit B-menneske. Eg ser det no. Her kan man skulde på
1) Arv
2) Miljø
3) Seg sjølv


Forresten så har eg kjøpt meg nye sko i dag. Billige joggesko på tilbud-tilbud, ganske stygge men bedre enn dei eg har - gir meg sår under foten. Føkka såle elns. Heyho. No skal eg sove.

Kanskje.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar