Sider

....

fredag 5. mars 2010

Opp på fjellet...

I dag fann gamlefar ut at han skulle ta meg og Stine med på kveldskjøring på skisenteret. Eg har ikkje stått på ski på evigheter, så det vart reinaste leiteaksjonen å finne att skibuksa mi (som vi til slutt fann i leikehytta i hagen -??). Oppi lomma på den fann eg forresten eit skikort frå siste gongen eg stod på ski: 1. februar 2008. Så då seier det seg vel sjølv at eg var LITT rusten! ;)

Opp på fjellet bar det, og føret var fantastisk! Først måtte eg prøverenne litt i hovudtrassèen på framsida av fjellet, berre for å sjå at eg framleis hadde det i meg. Men det er jo nesten som å sykle; har du lært det, gløymer du det ikkje så fort.

I neste runde hadde eg kome fram til at eg var fullstendig i stand til å teste ut baksida av fjellet, der puddersnøen låg tjukk. Utrulig deilig! Så då er eg førebudd til ei påske med ski, kvikklunsj og kakao! HEHE.

Apropos påska, så er planane endelig i boks! Eg, Silje og Marcus - og forhåpentlig vis også Ingvild og Håvard - kjører til Snåsa for å besøke Risten og Daniel! Gler meg kjempemykje, har ikkje sett dei sidan september.

Memo til Ingvild: Vi reiser frå Volda 29. mars, og fer tilbake 2. februar. Hope you can join us! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar