Sider

....

mandag 22. mars 2010

Dette vil eg i sommar!

Malakoff
Moldejazz
Volda

Lengre enn det gidd eg ikkje å reise. Fordi lommeboka ikkje tillet det.

Men, om eg var millionær, ville eg reist til

Paris, her representert med Sacre Coeur, min favorittstad i heile byen! Nydelig område på toppen av ein ås, med storbyen og Eiffeltårnet på framsida, og Montemartre på baksida.

Italia! Eg gjekk i ein alder av 16 år til innkjøp av ein italiensk parlør, slik at eg hadde den til den dagen eg skulle reise rundt i Italia. Lengre enn parløren kom eg aldri. Eller, jo, eg lærte litt italiensk gjennom ei lydbok som eg hadde på iPoden då eg jobba som nattevakt. Men draumen er å reise rundt i landet. Eg vil i allefall reise til Napoli, Roma og Venezia. Eg har forresten sett litt på open togbillett rundt i landet, som gjer det mogleg å reise litt utanfor allfarveg. I wish!

Kina. (På bildet: Sommarpalasset i Beijing. Heilt utrulig vakkert der.) Eg har så utruleg lyst til å reise tilbake til Kina! Her er eit bilete frå byen Xi'an, som også er heilt fantastisk. Og Yunnan-provinsen, som er kjent for enorme rismarker. Utruleg syn!

Santorini. Har kun sett bilete frå den greske øya, men det ser så fantastisk ut at eg tillet meg sjølv å drømme.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar