Sider

....

søndag 21. mars 2010

Vår?




På trass av mitt prinsipp om å ikkje bevege seg på søndag - med mindre ein - gjekk eg og Marit ein tur i dag. MÅTTE jo, når det var varmt og godt ute, og lukta vår overalt!

Statement: Eg ELSKAR vår! :D

Hoi, no fekk eg plutselig lyst til å skrive ned alle ting som eg er glad i! Greit å ha å sjå på ein dag eg er "down and troubled, and need some loving care."

Eg syns sommar er fantastisk, og då spesielt Årneset-sommar. Sandvolleyball, bading, chill og bålkos på kvelden! Saknar Volda-sommer. Og ein annan ting som er fantastisk, er sjokolade. Eg elskar sjokolade. Og så er eg så heldig at eg kjenner så ufattelig mange nydelige menneske, som eg er fantastisk glad i! Om du som les dette innlegget kjenner meg, så er eg mest sannsynlig veldig, veldig glad i deg. Ikkje på ein sånn merkelig måte, men heller sånn at eg garantert ville kome til deg med suppe og klem når du er sjuk. Eller berre treng ei oppmuntring. Åååååh eg har så lyst på sommar! No? :) I love summertime!!

1 kommentar:

  1. Verdens koseligste innlegg!! <3 it!! Godt for deg at gamle mor sjelden e sjuk,litt laaaangt å komme med suppe og klem? Hi hi... suss på deg,vennen

    SvarSlett