Sider

....

søndag 28. februar 2010

What we have here is a failure to communicate

På byrjinga av 90-talet fikk pappa sin første mobiltelefon. Eg var kanskje ein 8-9 år gammal den gongen. Heile familien gjekk på fjelltur, og vi måtte ha ein ryggsekk til mobiltelefonen, og ein annan sekk til batteriet.

Med åra har mobiltelefonane berre krympa og krympa, og det som ein gong var enorme kommunikasjonsmaskiner, har no blitt pittesmå anrettingar som du kan putte i lomma.

No byrjar eg å tru at vi ikkje var så dumme på 90-talet. I løpet av dei siste par åra har eg mista telefonen på parkeringsplassar, fått han fråstjålen på utlandsturar, gløymt han att på flyplassen, hos bestemor, på uteplassar og andre lure stadar, og berre i løpet av den siste månaden har eg greidd å miste - intet mindre enn - to telefonar, og den eine greidde eg til og med å miste TO gongar. I løpet av ein månad.

Eg har bestemt meg for at mobiltelefonen er eit oppgitt konsept.
Eg kan heretter kontaktast via røyksignal og morsekode.

-.
---

.
.-.

.
--.

.-..
.
..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar