Sider

....

torsdag 29. oktober 2009

aMUSEd

I dag har Marcus hatt bursdag, og er dermed "heile" 22 år gammal. Rart kor fort tida går; føles ikkje SÅ lenge sidan at han var ein flørtete attenåring som nettopp hadde fått lappen... hehe ;)
Eg må ærlig innrømme at eg sleit meir enn litt med gave til mannfolket; kva gir ein til nokon som har ALT? Han er jo fullstendig håplaus å kjøpe gåve til - er det noko han ønsker seg så kjøper han det sjølv. Difor: kjøpeforbud fram til jul! Alt han vil ha skal skrivast opp på ei LISTE, og så kan han håpe på at Julenissen tykkjer han har vore snill i år :)

I helga var eg og Silje i Oslo og såg Muse!



Vi tok morgontoget frå Bergen klokka 07:58 søndags morgon, og etter seks timar på tog var vi plutselig i tigerstaden! Konserten var like fantastisk som dagen etter var lang. Vi shoppa og traska Karl Johann opp og ned ein heil dag, før toget gjekk frå Oslo mandags kveld i 11-tida.
Vi var tilbake i Bergen tiiiidlig tysdags morgon, og for min del bar det nesten rake vegen frå tog til dramaeksamen! - som vi fekk ståkarakter på forresten, dramaeksamen gjekk faktisk over all forventning!

Eg vil forresten vise fram verdas finaste kåpe, som eg - tru det eller ei - fann på Vero Moda (!) på Åsane! Eg fekk kjøpeforbud av Marcus - som hevda at eg verken hadde råd til, eller behov for, ei (fantastisk vakker) ny kåpe til den nette sum av 999 kroner. Norske kroner, ja. Og eg er student. Point taken.

Men likevel; her er bilder av Den Perfekte Kåpa!













Like kul opa....


















...som igjen!





















Og med ei STOOR og god hette! Hugleik <3







Eg får nøye meg med fine bilder av ei finfin kåpe. Dream!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar