Sider

....

mandag 24. mai 2010

Heavier than heaven


Tittelen på innlegget kom vel strengt tatt berre av at eg les den boka akkurat no. I tillegg til at eg les litt på psykologien, sidan eg har eksamen i morgon.

Har vore dårlig med internett her i det siste, berre en av mange ting som er dysfunksjonelle for øyeblikket. I dag er forresten dagen då eg skal kvinne meg opp til å gå opp på det edderkoppokkuperte loftet og vaske klede, sidan eg faktisk begynner å gå tom. For ein gangs skyld kjem det IKKJE av latskap, men av ein idiotisk og overdriven edderkoppfobi.
Eg har ikkje vore ein spesielt flink og flittig student den siste tida (les: Sidan eg begyndte på skulen i første klasse, red.anm), men akkurat dette stoffet har eg faktisk brydd meg med å lese, rett og slett fordi det er interessant. Nett no les eg om Maslows behovspyramide, som omhandlar alle dei behova som må oppfyllast i eit menneske sitt liv. Men eg merkar at eg, medan eg les, får ein sterk tendens til å psykoanalysere meg sjølv. Eg har faktisk funne diagnosen min, i kapittelet om sjølvbilete og identitet.

"Den naturlige tendensen hos unge mennesker til å utforske ulike identiteter og eksperimentere med ulike livsstiler utgjør en viktig del av etableringen av en fast identitet. Dersom man ikke får gjennomgått de ulike stadiene som dette medfører, vil man etter hvert oppleve en identitetskrise, som kan påvirke viljen til å forholde seg til andre mennesker på et dypere plan og å være i et forhold basert på mer enn gjensidig avhengighet. Dersom man ikke har oppnådd en sterk nok identitetsfølelse, kan man føle seg overveldet av andre, slik at man trekker seg unna og isolerer seg." Right on.


Men over til noko heilt anna. I det siste har været i Bergen vore heilt fantastisk! I teorien skulle ein vel egentlig krysse fingrane for regn og drittvær når ein uansett enten må jobbe eller lese til eksamen, men sidan eg stort sett hopper greit over alt som har med innsats og forpliktelsar å gjere, har eg meir eller mindre berre kosa meg i sola og vore med flotte folk. Det er slikt ein blir glad av, men det medfører ikkje nødvendigvis gode karakterar.

Men dette har eg tenkt litt på. Dersom den gamle Maya-teorien om at verden går under i 2012 stemmer, burde ein jo nyte kvart eit sekund ein har. Eg er egentlig ikkje spesielt overtruisk, men tatt i betraktning alle dei naturkatastrofene som har ramma verda den siste tida - vulkanutbrot, flodbølger, jordskjelv... - så kan ein jo nesten byrje å tru at det er oppbyggjinga til eit klimaks som skal ta verda av dage. Det bekymrer meg egentlig minimalt. Eg ser vel heller på det som eit påskot og ei unnskyldning til å gjere det aller meste ut av det som skjer rundt meg!


I det siste har det nok blitt vel mykje alkohol og festing, og ein betydelig mindre andel av fornuftig og konstruktivt tidsfordriv. Det er noko med det fine været som forvandlar ellers (ikkje spesielt) flinke og flittige studentar til festglade morroklumper. Syns egentlig ikkje det er feil. Med mindre det er ein vedvarande tendens da. Men på den andre sida er det jo snart sommarferie! Eg har siste eksamen fredag 4. juni, og etter det blir det berre chill og goodtimes så langt auget rekker. Stikker heim til Volda laurdagen etter eksamen for omsorg fra familie og slikt. Det kan nok bli litt ensomt i Bergen sidan eg ikkje kjenner så mange her som eg bryr meg noko særleg om. Og når far betaler tur/retur-billetten heim, kan ein jo ikkje takke nei.

I tillegg gleder eg meg til å kunne surfe på nett utan å måtte vente i ti minutt for at ei side skal laste. På akkurat dette feltet har eg nok blitt litt vekkskjemt, etter tre år på medialinja, etterfulgt av to år i ei leiligheit i Bergen med supernett. Så eg irriterar meg grønn over at det ikkje er mulig å høre en heil sang på spotify før ting begynner å klikke. Trur det er noko med staden eg bur eg altså, ALT her er jo heilt på trynet (meg sjølv inkludert?). Gleder meg til å flytte ein stad der golvet ikkje er dekka av støv og taket ikkje er fullt av spindelvev og edderkoppar. Eg myrda ein edderkopp på badet med hårspray ein dag, og den er framleis fastlimt i veggen. Til pass for den. Just for excisting..

Eg driv forresten og får utrulig mange morsomme spam-mails for tida. Fatter ikkje kor dei kjem fra, og kvifor nokon trur at eg ønsker å motta slikt, men underhaldande like fullt. "Hvor langt er du villig til å gå på fylla, Therese?" og "Vedrørende hvor tykk du er" er berre nokon av gullkorna. Gode greier.

Ps. Kan nokon fortelle meg kva pinse er? Det einaste eg veit er at det plutselig kun fins stengte butikkar og døde gater rundt meg, og at eg har gått med dei same kontaktlinsene i tre dagar. Begynner nesten å tru at eg er heilt åleine i verda. Ikkje at det hadde gjort så veldig masse, eg er ikkje så glad i folk uansett.

1 kommentar: