Sider

....

mandag 10. mai 2010

Eg hatar teknologi

Vurderer seriøst å finne meg ei tidsmaskin som kan ta meg tilbake til steinalderen.

For det første har døra på vaskemaskina kilt seg, og eg har streva med å få den opp sidan FREDAG! Og så, i dag tidlig, fekk eg den ENDELIG opp, men da var den full av vatn så eg endte opp med å oversvømme heile loftet. Så eg slengte heile skjiten inni tørketrommelen, men den får eg HELLER ikkje til å funke, fordi vanndingsen er full men eg finn ikkje ut kor den befinn seg så da greier eg jo heller ikkje å tømme den.... Logisk nok.

Og så måtte eg (MÅTTE!) skrive ut eit dokument i dag tidlig, men trur du ikkje at den helvettes printeren KUN vil SCANNE?!

For å oppsummere har eg altså ingen reine klede, og folka eg les saman med er sure på MEG fordi eg ikkje greier å ta med meg det eg SKAL ha med til kollokviegruppe. Dei kan heller få lov å knuse drittprinteren, og så går eg naken til nokon melder seg frivillig til å hjelpe meg med klesvasken.

End of story.

Ps. Slenger på to gode ting på slutten, slik at du ikkje går herifra og grine på mine vegne:
1 - eg har funne igjen husnøkkelen.
2 - eg har vore dødsflink og lese i åtte timar i dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar