Sider

....

torsdag 6. mai 2010

Superstudent checking in

Gitareksamen overstått, og BESTÅTT!! Herlig! For å være ærlig var eg litt skeptisk, skalv sånn på fingrane under eksamen (nervous much??) at det var nesten umulig å få til noko vettugt. Men læreren var fornøgd, og det er alt som betyr noko (i allefall i denne sammenhengen..).

I dag var det dags for eksamen i gehør (jepp, TO eksamener på To dager. True story). Eg var på jobb til 12 i natt, så fekk ikkje lest noko i går, og all tida har jo i det siste gått med til å øve til gitareksamen. Derfor satt eg oppe i heile natt - minus ei to timer lang (ufrivillig) sovepause - før eg troppa opp på skulen i dag. Trur egentlig ikkje at eg hadde nok riktige svar til å bestå, men eg veit at eg suger i hørelære så det gjer meg ikkje så masse. Kan ta den oppatt om tre veker om eg ikkje består.

Om to timar skal eg på visning; ei leilighet med fire soverom på Danmarksplass! Hadde vore sjukt digg om vi fekk den, så kunne eg, Stine, Silje og Ingvild budd sammen der! - og at eg fekk litt meir plass å bevege meg på, hadde sjølvsagt vore ein bonus ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar