Sider

....

lørdag 24. april 2010

Eit blogginnlegg frå bestemor si tid!

Slik trur eg eit blogginnlegg frå 1930-talet ville sett ut!

Hårre steikje tide, no blir det handgemeng i fleng! Trur dykk sanneleg min hatt ikkje det at eg har arbeidd i sju lange og sju breie, men framleis er like blakk?? Eg meinar ikkje å vere obsternasig eller å lage baluba her, men eg står her rett og slett med skjegget i postkassa. Eg burde ha ana ugler i mosen, men eg ville ikkje lage noko hurlumhei. Så no sitt eg jammen meg brillefint i det! Har du sett på makan, eg er jo blakk som ei kirkerotte!

I morgon skal eg slå på stortromma. Då skal eg drikke meg snydens, eller i allefall lettere bedugget, før eg tek med meg fanden og hans oldemor og lagar ståhei på byen! Det blir alle tiders ablegøyer, og eg trur jammen santen at vi tek med oss Galematias og! Splitte mine bramseil, det blir ei kveld som seint går i gløymebokja!


For fleire "utrydningstrua ord og uttrykk," klikk her!
Haha!

1 kommentar: