Sider

....

tirsdag 8. september 2009

Strawberry Fields Forever

Ein finfin dag! Stod opp klokka 6, og dro til byen med ei venninne og hadde yoga. Fantastisk start på dagen! Så var det rett heim for å dusje og opp til skulen for gitarundervisning. Vi spelte "I like the flowers" firestemt; kult! flowerpower lissom.
Eg har funne min stad i verda: musikklinja. Jeez, eg er ein typisk musikkelev; KVIFOR HAR EG IKKJE OPPDAGA DET FØR??

No er det berre to dagar til bursdagen min, og på trass av det faktum at eg faktisk har bikka 20årsgrensa så er bursdagen framleis ein big deal for meg. Ikkje gaver eller noko slikt, men meir at det er ein dag som er "min," og at eg får "lov" å feire meg sjølv! (eg er litt sjølvsentrert ja)

No kosar eg meg med grøn te og lyttar til soundtrack'et frå filmen "Across the universe." Life is good :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar