Sider

....

lørdag 12. september 2009

Kvinnen:en samvittighetsklump - or is it just me?

I dag jobba eg kveldsvakt frå 15:30 til 23:15, noko som i praksis betydde at eg jobba frå 15:20 til sånn cirka 01:20. Kvifor?

Etter å ha sprunget som en gal i sju timar for å rekke å få gjort alt som står på mi rutineliste, I TILLEGG til alt som dagvakta har gløymt å gjere, dukkar nattevakta opp; ein halvtime før tida, som vanleg. Og i det sekundet han kjem inn døra, kjem eg på dei tolv tinga som eg har gløymt å gjere, i tillegg til dei åtte tinga som han minnar meg på at eg har gløymt å hugse. Så eg held fram med å springe som ein gal i ein time til, før eg kan trekke meg tilbake for å tellje kassa og ta dagsoppgjer. Eg teller kasse og droppose i snitt tre gongar kvar, fordi eg har enorme differansar i dagsoppgjeret mitt. Kvifor? Eg mistenker ein samanheng med at morgonvakta nekta å bytte skift, noko som medførar at eg faktisk gjer opp TO skift der eg sitt, allereie over ein time på overtid.

Klokka bikkar tolv, eg skal på skulen klokka halv ni dagen etter, og eg sit der og forsøker febrilsk å finne feilen som eg ikkje visste eg hadde. Dersom eg ikkje finn differansen, fins bestandig sjansen for at eg vert mistenkt for å ha stelt pengar, eller gjort ein dum feil.

Med eitt stikk nattevakta nasa inn døra og spør om eg kan passe kassa i "to sekund" medan han sjekkar noko på lageret. "Nei" fins ikkje i mitt vokabular.

Eit sekund blir til mange, og når eg endeleg får komme meg bak for å telje igjen, hugsar eg ikkje lengre kvar eg haldt på - og må byrje på nytt.

Eg finn ikkje differansen, men må etter utallige gjennomtellingar innsjå nederlaget.

Eg skiftar frå uniform til sivilt, og leitar fram timelista. "15:30 - 23:15" skriv eg, pliktoppfyllande. Vi har berre eit kvarters betaling for å gjere opp kassa.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar