Sider

....

mandag 21. september 2009

No vart det visst veldig mange innlegg. Men eg må berre lette litt på trykket.
Ok. Spørsmålet er som følger:

Kor mykje har DU forandra deg sidan ungdomsskulen?

Eg veit i allefall at eg har forandra meg relativt mykje. Eg har modna og hatt opplevingar som har forma meg og gjort meg til den eg er, på godt og vondt.

Eg møtte ei jente som eg har gått i klasse med gjennom både barneskulen og ungdomsskulen. Vi gjekk på same vidaregåande og er oppvaksne i same gate. I år går vi på same skule i Bergen.

Når eg møter folk eg kjenner - eller har kjent - på gata, reknar eg det som vanleg høflighet å hilse. Slik er det berre. Så når då denne personen svarer med å smile overlegent for så å sjå rett gjennom meg, så blir eg faktisk sjokkert.

Eg veit at bekjente av meg har hatt same opplevelse av "fortidspåminningar," av den typen eg beskreiv i førgåande innlegg: Du var dritt før, no er du så mykje betre. Kven er DEI til å dømme når du er bra nok, og når du er for dårleg??

Sorry, men eg blir faktisk sint av slikt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar