Sider

....

fredag 11. september 2009

BURSDAG!

I går hadde eg bursdag! Anybody said lucky 21?
Då eg stod opp, fekk eg eit gavekort med Marcus; "5 minutter med intens kos," som eg tenker å spare til ein dag eg verkeleg treng det! ....og elles så stjel eg meg til ein gratiskos her og der.
Eg møtte ei venninne frå klassa på veg til skulen, og ho hadde ein bukett med raude roser til meg!
Då eg kom inn i klasserommet, satte heile klassen i gang med bursdagssong, og eg fekk ein dropspakke innepakka i verdas største gullsløyfe av ein i klassen min.
Etter første time gjekk eg ut til friminutt, og då eg kom inn att, var pulten min pynta med digre hjerteballonger, kort og ein svær boks med heimelaga muffins!
I norsktimen hadde vi diktopplesing, der eg måtte fram og lese opp det diktet som eg skreiv inn her 6. september. Og midt under responsen fekk eg plutselig ENDA meir bursdagssang! Der stod eg, midt framfor heile klassen, sprutrød, medan resten sang..!
Då eg var ferdig på skulen møtte eg Marcus ved utgangen, ventande med ein diger rosebukett! Vi tok bussen saman til byen, og Marcus spanderte middag/lunsj på meg på ein veggisrestaurant. Etterpå gjekk vi i ein bruktbokbutikk, der eg fekk plukke meg ut nokre bøker. Eg kjøpte "Prozac Nation," og ei japansk bok som heitte "Slanger, piercing," som i følge omslaget vann Den japanske litteraturprisen i 2004. Eg gleder meg til å kose meg med bøkene mine i haustmørket!
Ut på kvelden hadde klassen ordna i stand bursdagsfest hos Marit, med heile klassen tilstades. Like før eg og Marcus skulle gå heimefra, kom Marcus inn med eit kjempefint maleri han hadde laga sjølv; eit stort lerret med eit raudt hjerte! Kjempesøtt!
Vi drog bort til festen og prata og kosa oss, og seinare drog vil til Kong Oscar's, ein biljardpub i byen. Finfin bursdag! Og neste helg vert det feiring saman med Ingvild og Risten, GLEDER MEG! Og nei, eg syns IKKJE det er teit å feire bursdag fleire gongar! iLike birthdays lzm ;)

1 kommentar: