Sider

....

onsdag 9. september 2009

Hei!

Eg heiter IKKJE Tiffany eller Victoria, eller noko anna tåpeleg. Eg skriv IKKJE på bokmål, og har IKKJE silikon i puppane eller botox i leppene (eller ræva for den saks skyld). Eg har IKKJE langt, bleika hår med fem cm ettervekst, eller tjuefem lag med brunkrem i trynet.
Eg heiter Therese - nesten like teit som Tiffany og Victoria. Eg er naturleg blond, men syns faktisk at mørkt hår er penare. Eg skriv på nynorsk fordi det er eit rikare språk (her er eg dog open for gode argument). Eg har ikkje silikon i puppane fordi A-cup er kos, og fordi du FAKTISK kan få infeksjon av slikt. Botox i leppene er stygt, men botox i ræva kunne eg kanskje trengt. Men eg kjem ikkje frå Blærum og har ein pappa som betaler. Og brunkrem? Er du KLAR OVER kor urein huda di blir av all den sminka?! ....for ikkje å snakke om at det er U-glY?
Eg har framleis ein eksisterande "nettby"-profil, frå tida f.F. (før Facebook), og der loggar eg meg inn "from time to time." I dag kom eg inn på profilen til ei FEMTEN ÅR gammal jente som hadde silikon i puppane, botox i leppene, brunkremtryne og nedbleika hår.
Jenta hadde lagt ut ein haug med bilete av seg sjølv, og eg må nok dessverre seie at jenta i seg sjølv nok ikkje var spesielt attraktiv. Muligens slemt å seie noko slikt om ei jente på 15 år. Men eg trur trass alt ikkje at ho ville brydd seg med kva eg meinte, ho har trass alt 30 kommentarar under kvart bilete til å motbevise meg.
Er det berre eg som tykkjer det er rart at ein skal måtte sjå FULLSTENDIG unaturleg ut for å kunne bli oppfatta som "pen" i dagens samfunn?
Ok. Det er IKKJE naturleg at ei jente er 15 år gammal, 1,57 høg, veg 40 kilo og bruker BH-cup i størrelse F! At same jenta har krittkvitt hår og nesten svart hud, er minst like unaturlig. Og kva er greia med ENORME lepper?! Kjem du ikkje frå Somalia eller ein annan stad i Sør-Afrika, er sjansen for å vere fødd med fyldige lepper à la Angelina Jolie minimal.
Er det forresten nokon som faktisk tykkjer det er PENT å sjå på noko slikt? Den falske stilen bør forbeholdes transvesitter og luksusprostituerte, og hører IKKJE hjemme på 15 år gamle jenter!

Ps. Den dagen du skriv eit slikt innlegg om "dagens ungdom," er den dagen du forstår at det plutselig fins ein generasjon under deg. Eg fyller 21 i morgon, og mange av mine jamnaldrede er allereie foreldre. Ouch!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar