Sider

....

søndag 1. februar 2015

Kvardagsløgner

Eg er verdensmester i sjølvbedrag, og lyg så eg trur det sjølv. Her har du eit aldri så lite knippe kvardagsløgner.

1. "I morgon skal eg legge meg tidlig." 
Hah! Omtrent like overtydande som
2. "I morgon skal eg byrje å trene."
....eller
3. "Dersom eg slappar av på sofaen i joggebukse og trenings-BH ser eg sprek ut."
Ein annan gjengangar er
4. "Armhevingar er digg."
Det er det IKKJE. Armhevingar er ei slitsam og smertefull onde.
5. "Alle mine vener og bekjente er veldig interessert i kva eg gjer akkurat no, og spesielt i kva eg et til middag i dag."
Nei. Eg gjentek; NEI. Dei bileta eg deler på snapchat, facebook og instagram er for det aller meste kun interessante for meg sjølv, og ingen andre. Ingen i verden finn skiva mi med brunost eller koppen med kakao det minste fascinerande. Heller ikkje at eg har nytt sengetøy på senga mi.
6. "Dersom eg stryk sengetøyet vil det sjå mykje finare ut, og vere meir behagelig i ligge i."
Haha! På ingen måte. Innan du har fått måka dyna inn i trekket og endelig kan legge deg, er dynetrekket nøyaktig like krøllete som det var før du brukte en time på å stryke det. Einaste forskjellen er at du no kan skilte med slitne armar og støl rygg. 
Og så til den ultimate kvardagsløgnen. Eg tykkjer jo at min datter er det mest fantastiske skapningen som nokon sinne har blitt til på denne jorda, og alt ho seier og gjer er... Fantastisk.
7. "Så då må vel alle andre óg gjer det?" 
Njæææ.... Alle er vel kanskje ikkje kjempeglade over å måtte høre på meg greie ut om dotrening, våkennetter og melketenner i det lange og breie. 

Det var berre eit fåtal av kvardagsløgner, det er fleire der dei kjem frå! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar