Sider

....

lørdag 26. desember 2009

GOD JUL! :D

Først, ein koslig julesang som eg har lytta til i heile dag! :)



Da var det første juledag. Vi har feira jul, heile familien, men minus Marcus som var på Eid med familien sin.

I går - på julaften - stod eg opp seint, sidan eg ikkje hadde greidd å komme meg i seng før klokka 7 på morgonen, og då eg stod opp hadde familien vore oppe i timesvis, og endåtil rukke å shoppe litt før butikkane stengte!

Utpå kvelden dekte Stine bordet, og som vanlig skulle ALT vere identisk med året før (den jenta kan slett ikkje fordra forandring, punktum), mamma stressa med middagen, pappa slaska på sofaen og eg..... strikka! Haha! Har rett og slett fått heilt strikkedilla i det siste! Lagde ei grøn hue til Stine, som faktisk var ferdig same kvelden! :P (Les: mykje "dødtid" på julaften!)

I vår familie er nok julemiddagen noko spesiell: Stine et graut, mamma og pappa et pinnekjøt, og eg et kalkun - som faktisk er det einaste kjøtet eg tåler (og som derfor kun skal etast på julaften, sånn at det er spesielt!)

Etter middag opna vi pakker, og eg var kjempelykkelig! Fekk BÅDE kåpa og veska som eg hadde ønskt meg i mange måneder!

Seinare spelte vi "Geni," i håp om å vekke den gamle "familiekjensla" :P Eg fann det gamle spelet i eit skap, og eg innbiller meg at det var kjøpt på 90-talet ein gong. Der var mellom anna spørsmål som "Hvem vant cupfinalen i 1996?" og "Hvor i Israel sprengte en bombe som kostet fire mennesker livet?" (Pappa hadde ein klar fordel i alder. Og eg tapte.) Eg planlegg altså å kjøpe eit nytt "hyggelig familiespel."

I dag har eg vore på "luftetur" med kåpa mi to gongar, den må jo tross alt gåast inn! :D Og så kom Marcus frå Eid og opna pakker, så det vart nesten som enda ein julaften! Koslig :)

I morgon begynner eg på nattevakter, og det er andre juledag. Da blir det nok ikkje kjedelig på jobb i allefall! Gleder meg faktisk. Og så, etter tre nattevakter, er eg ferdig med jobbing for 2009!

Deilig å skulle gå på jobb, blir så ufattelig rastlaus av å BERRE slappe av! Gleder meg til butikkane opnar på mandag, for eg har funne ut at eg skal kjøpe meg eit lite kompakt digitalkamera for pengar som eg fekk til jul! Kjedelig å drasse rundt på eit stort speilreflekskamera overalt, og då vert det lite bildetaking dessverre.

1 kommentar:

  1. Kjøp Cranium!! Det e et fantastisk morsomt familiespill som eg kjøpte t familien t Daniel :)

    -Risk

    SvarSlett