Sider

....

søndag 3. januar 2010

Hei, totusenogti!

Da var det plutselig eit nytt år, og alle finn det morosamt å snakke om alle tinga dei ikkje har gjort sidan i fjor. Ha... ha... Og årtusenskiftet? Åhjadda! HYSTERISK morsomt. "Eg har jo ikkje spist mat sidan førre årtusen!" Morroklumper!

Så, først litt om 2009. Kva har eg eigentleg utretta i løpet av året som gjekk?

- Eg har vore i Kina og Japan! Fjorten dager i Japan og fire veker i Kina, og lært om framande skikkar og kulturar. I tillegg lærte eg mykje om meg sjølv; om korleis eg fungerar - eller evt ikkje fungerar? - i ei gruppe over lengre tid. Oppdaging: Eg er ei vekkskjemt jente med enormt behov for merksemd, og for å vere BEST.

- Eg har blotta meg for naboungane. Ikkje med vilje sjølvsagt, men det var varmt, eg var heime aleine og såg ikkje poenget med klede. Point taken.

- Eg har avslutta eitt studium og teke til på eit anna. Først tok eg eit årsstudium ved norsk lærerakademi innan interkulturell forståelse, og i haust tok eg til på det første av tre år ved musikklinja til lærarhøgskulen på Landås. Eg stortrivast på lærarskulen, og har hatt eit fantastisk halvår med herlige klassekameratar, mange lærerike og spennande veker i praksis på ein barneskule og ei endelaus rekke klassefestar.

- Eg har - egenhendig - redda meg sjølv frå verdas største edderkopp. For ei jente med superedderkoppfobi er det en GANSKE stor triumf å fjerne ein edderkopp på storleik med min eigen neve (!!!!!) frå leiligheita! - ok, neven min då eg var sju, da. Men likevel....

- Kjøpt meg mini-PC

- Blitt frastjålen ein mini-PC

- Mista lommebok, inkludert visakort, penger, studentbevis og så vidare, TO GANGER!

- Vore på konsert med Muse i Oslo Spektrum!





Forsett for 2010:
Første: Være mindre sjølvsentrert og jekke ned konkurranseinstinktet omtrent ti hakk.
Andre: KEEP YOUR TOP ON BITCH!
Tredje: Trene og ete sunt...? :) (LOL)



Andre ting eg vil gjere i 2010:
- Skaffe meg ny leilighet, med MINST 40 kvm buareal!
- Reise på sydentur
- Dra på festival! - Roskilde? Malakoff? Hove? Jajaja! :D

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar