Sider

....

søndag 20. desember 2009

Nightwatch

Nokon må passe på at fulle, dumme mennesker får mat, og denne helga var den "nokon" meg.
På den eine sida hadde det vore fint å faktisk kunne gå ut og vere sosial når eg for ein gongs skuld er heime, i staden for å jobbe heile natta og sove heile dagen. På den annen side er det veldig koslig å jobbe på natta, sidan eg uansett er vaken, shelldame eller ikkje shelldame. Natta er liksom "mi" tid. Då er det stille rundt meg, og eg slepp å stresse med noko.

Det er forresten sjukt kor teite folk blir når dei drikk (nei, eg er ikkje noko unntak). Vanligvis intelligete menneske får IQ-en redusert med omtrent 70%, med det resultat at eg blir forvandla til eit bråsinna beist på to bein. Men eg må jo sjølvsagt forstå at fulle folk har LOV å oppføre seg som underutvikla neandertalarar? Eller...? :)

No er eg ei slita nattevakt, som nett har kome seg heim frå jobb. Eg kosar meg med eit glas vin - julegåve frå shell - og det kjennes VELDIG riktig! Seinare i dag kjem Marcus til Volda og lagar middag til heile familien, og så blir det kos, kos og kos.

Eg har forresten vore så kjempeheldig at eg får lov å jobbe ALLE dei dagane folk skal ut i romjula, og det er jo berre KJEMPEFLOTT. Nei, eg har jo fri nyttårsaften.

Eg er forresten glad i nyttårsaften. Nest etter søttendemai og bursdagen min, så er det den beste offentlige høgtida. Eller, burdagen min er kanskje ikkje ei offentlig høgtid da, sjølv om eg syns den BURDE vere det. Stine sin bursdag, derimot, er faktisk det. Heldiggrisen er fødd 8. mai, og ALLE flaggar for henne! (Eller var det kanskje for noko anna? Frigjering-something...)

God natt! (....eller god dag, ettersom at klokka er halv 9)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar