Sider

....

mandag 22. desember 2014

Ver deg sjølv!

Eit nytt år står for døra, og det er dags for å gjere ting på ein ny måte. Eller eventuelt å gå tilbake på gamle avgjersler. Eg forkastar herved bokmål og melder at nynorsken herskar.

Det var ein gong då eg tenkte at det var lettare å virke urban og vittig dersom ein skreiv på bokmål, men no kjenner eg at eg ikkje bryr meg noko særlig om å vere korkje urban eller vittig lengre. Skulle eg, som er tørrare enn eit julenek, liksom vere morosam? Tanken i seg sjølv er jo eigentleg litt vittig. Eg kan jo ta luven frå den artigaste svenskevits.

Eg skulle nesten til å seie at eg skulle "vere meg sjølv." Er ikkje det eit litt rart uttrykk? Eg stussar slik over håpefulle "IDOL"-deltakarar som troppar opp på audition med ambisjon om å vinne ved å "vere seg sjølv." Eg trudde at ein var "seg sjølv" i ein eller annan form, anten ein vil det eller ikkje. Det er jo ikkje slik at ein endrar personlegdom dersom ein syng Justin Bieber i staden for Janis Joplin, eller om ein skriv på nynorsk eller bokmål. Slik som når eg skriv her, så er eg ein slags virituell, nettbasert utgave av "meg sjølv." Om denne utgaven er betre eller dårlegare enn den som labbar rundt på to bein og til tider luktar litt svette, veit eg ikkje. Eg likar jo ganske godt å labbe rundt på to bein, men eg er ganske nøgd med at den virituelle utgava av meg i alle fall slepp å plagast med kviseutbrot, svette armholer og bad hair day.

Det er forresten ein ting. Då eg var tenåring var eg aldri plaga med urein hud og kviser. Men NO, i voksen alder, ser ansiktet mitt ut som en daggammal pizza grandiosa med ekstra paprika. Kva har skjedd? Eg må innrømme at flink-pike-livsstilen med trening og lavkarbo har blitt bytta ut med julekaker, sjokolade og sofasliting. Likevel gikk eg, full av optimisme, til apoteket og bad om en mirakelkur. Eg vart tilbydd "clear start," eit renseprogram meint for tenåringar med svette armholer og pizzatryne. "PERFEKT!" tenkte eg.

Eg tok til på eit omfattande skrubbe- og rense-prosjekt, men enden på visa var at det kjentes som huda var tre nummer for liten for ansiktet mitt, og alt eg fikk igjen for innsatsen var tørr hud og like mange kviser. Takk.

Difor svergar eg altså til denne virituelle, kviselause varianten av meg sjølv når det knip som verst. Og akkurat no trykker nok skoen litt ekstra, her eg sitt med nugattiskive i magen, kviser i ansiktet og dårlig ånde. Føler meg ikkje akkurat som ei prinsesse, men igjen - kven gjer vel eigentlig det?

1 kommentar: