Sider

....

torsdag 12. november 2009

Utelåst!

Stressa sånn da eg skulle på skulen i dag tidleg, at eg gløymte husnøklane.. (igjen) Og med Marcus på skule og alle dører låst, sat eg ute og venta i ein halvtime, mens Marcus tok bussen heim for å sleppe meg inn. Men så, medan eg sat der, kom plutselig ein som bur i huset (merk: samme fyren som har sluppet meg inn to gongar før) og opna døra for meg. Ettersom at eg har sittet på ein kald stein i ein halvtime, er rompa mi blåfrossen, og eg har litt problem med å gå. Så sjølvsagt må eg tryyne i trappa opp til huset.
Jauda, følte meg dødskul, der eg låg på magen i gangen og kava, medan eit framandt mannfolk stod og lo...

Note to self: dobbeltsjekk at nøklane befinn seg i veska til ein kvar tid!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar