Sider

....

mandag 2. november 2009

DIKTANALYSE - "Sjømannsvise" av Harald Sverdrup

Tilbakemelding mottas med takk.
Eg for min del avskyr å analysere dikt, men Sveinung Time sitt ord er sjølvsagt Lov.

So, here goes!

_________________________________

Sjømannsvise

Solen står i ruten,
glasset på ditt bord.
Gylden er din tørst -
skål min bror!
Skål for denne skuten!

Kvinner står i ruten,
banker på din dør.
Gyldent er ditt ord -
hjertet blør!
Skål for denne skuten!

Barnet står i ruten,
stjerner i ditt blikk.
Sølvgrått ble ditt hår.
Drikk din drikk -
skål for denne skuten!

Månen står i ruten,
døden bak din rygg.
Havet er vårt lodd.
Tøm ditt brygg -
skål for denne skuten!

------

Harald Sverdrup (1923 – 1992) var ein norsk lyriker. Han debuterte med sin første diktsamling i 1948, men alt før det var han eit kjent namn på diktarfronten, gjennom dikt og litterære tekster som han hadde fått på trykk i aviser og tidsskrift.

Sverdrup arbeidde i mange år som sjømann. Diktet «Sjømannsvise» kom ut i den tredje diktsamlinga hans - «Han finner sin elskede» - som han gav ut etter fleire år på havet.

Som ei denotativ tolking av diktet kan ein seie at diktaren byrjar med å skrive om sola som står opp, om glaset på bordet og ein gylden tørst. Vidare les vi om kvinner i ruten, gylne ord og blødande hjerter, og born i ruten og sølvgrått hår. I slutten av diktet er det månen som står i ruten og døden som er bak ryggen.

Skal vi gå djupare inn i diktet, kan vi føreta ei konnotativ tolking: kva meinar diktaren egentlig?

Når eg les dette diktet, tenkjer eg at tematikken må vera livslaupet. Gjennomgåande i diktet er «står i ruten.» Dette kan fortelja noko om kva som har vore fokuset i livet hans. Eg-personen er aldrande, og ser tilbake på eit langt liv som har vore, og kva som har stått i fokus gjennom dei forskjellige livsfasane.

Eit anna gjennomgåande element er at kvar strofe avsluttast med «-skål for denne skuten!» Dette fungerar både som ein direkte referanse til sjangeren sjømannsvise, og som ein hyllest til den medgang og motgang som eg-personen har møtt på i løpet av si lange «sjøreise.» Som mykje anna i diktet, ser eg på henvisinga til havet meir som ein metafor enn eit direkte bilete på havet sjølv. Gjennom heile diktet brukar forfattaren skuta, som ein referanse til sjømannsvisa som sjanger, men kanskje òg som eit bilete på han sjølv og hans liv, som seglar ganske på måfå rundt på havet, men som til tider tek val som endrar kursen på ei endelaus sjømannsreise. Lik ein sjømann livet ut er bunden til havet, er mannen bunden til livet. Havet kan muligens sjåast som eit bilete på opphopinga av dei val og tilfeldigheiter som utgjer hans liv, og som styrer dei val og hendingar som vedrørar han.

I fjerde strofe skriv diktaren; «Havet er vårt lodd.» Denne setninga kan vera tvetydig; på eine sida kan diktaren syne til «lodd» i forbindelse med lotteri, der ein trekk eit lodd og tilfeldigheita rår. På ei anna side kan «lodd» vere eit anna ord for lagnad; at havet er der vi høyrer til, og det er der vi lev og døyr.

Diktet «Sjømannsvise» er satt opp som ei vise, med ein fast rytme, og med fire like lange strofar. I kvar strofe er det fem verselinjer, der andre og fjerde verselinje rimar. Siste vers i kvar strofe lyder likt - «-skål for denne skuten!» - omtrent som eit lite refeng. I første og siste vers i kvar strofe har han brukt rim og oppattaking, der «ruten» og «skuten» går igjen i kvar strofe.

Forfattaren bruker eit flytande, melodisk språk. Han er relativt ordknapp og mystisk, og ein får ei kjensle av at han sparar på orda og overlet resten til fantasien. Når ein les diktet, får ein òg følelsen av at svært mykje av det forfattaren skriv, er allusjonar og symbol på daglege saker, heller enn beint ut eit dikt om livet ombord.

At «solen står i ruten» treng for eksempel ikkje berre å tyde på morgon, ein ny dag og at sola står opp. Dersom ein les diktet som ei retrospektiv livserindring, kan sola som står i ruten tyde på byrjinga på eit liv. Glaset på bordet kan tyde på livet som framleis ligg framfor ein, og den gyldne tørsten kan vera tørst på liv og erfaring.

I andre strofe skriv Sverdrup at «Kvinner står i ruten, banker på din dør.» Dette kan kanskje tolkast ordrett som kvinner som har har møtt og kjent. I tredje og fjerde verselinje i denne strofen les ein om eit ord som er gyldent og eit hjerte som blør, og kanskje er dette referanse til kjærlege ord og brustne hjerter? Desse linjene kan tolkast som ein lyrisk skål til den unge kjærleiken og den første kjærleikssorga. Ei anna tolking kan vera eit gyldent ord i form av ein giftering og truskapsløfter, og eit blødande hjarte som symbol på løfter som er brotne.

I tredje strofe skriv forfattaren; «Barnet står i ruten, stjerner i ditt blikk.» Dette kan nok omhandle ein stolt og lukkeleg far. Vidare i strofen får vi eit tempusskifte, der diktaren skriv; «Sølvgrått ble ditt hår. Drikk din drikk.» Denne verslinja kan tolkast som ei oppfordring til lesaren om å leve livet i nuet, og nyte kvart sekund. Tempusskiftet kan koma av at denne strofen meir er ei livserfaring som eg-personen deler, enn ein del av den øvrige erindringa som diktet denotativt kan seiast å bestå av.

I dei to første verselinjene i den siste strofen skriv Sverdrup; «Månen står i ruten, døden bak din rygg.» Ved første blikk kan ein tolke frå den første verselinja at det er natt og sola gar gått ned, men når ein les litt vidare, til neste linje, kan ein skape ei lenkje frå den symbolske månen og til døden som står bak ryggen hans og pustar han i nakken.

Diktet kan på den eine sida tolkast som ei lystig drikkevise som hyllar det som har vore, men på ei anna side har diktet nokon tankefulle, sørgmodige undertonar som er vanskeleg å oversjå. Kanskje er det sorg over fordums barndom, eller at eit langt og godt liv som går mot slutten.

Første gongen eg las diktet, forstod eg ikkje så mykje. Eg tykte det mangla mykje av den lystige stemninga som ein finn i gamle sjømannsviser, og eg forstod heller ikkje mykje at teksten. Likevel fann eg ei viss ro i den lune stemninga som diktet skaper. Seinare, etter å ha lese det eit par gongar, kjente eg at eg forstod litt – eller i allefall hadde skapt med ei eiga forståing – av kva diktaren sine bakomforliggjande meiningar kunne vera. Eg opplever diktet som ei spanande reise gjennom ein person sine tankar og livserindringar, og eg likar det faktum at eg stadig ser nye perspektiv for kvar gong eg les diktet.

Eg veit ikkje kva Harald Sverdrup tenkte då han skreiv diktet, men for meg er bodskapet i diktet at ein skal gleda seg over livet, gjera det beste ut av det ein har, og vera takksam over motgang som medgang.



* Kommentar:
Dette diktet har vore tonesatt fleire gongar; første gong av Alf Cranner – i samarbeid med forfattaren sjølv. I og med at det bærer tittelen «Sjømannsvise» skulle vel det vere både rett og rimeleg. Den rolige mollbaserte melodien som Cranner satt til diktet er med på å framheve dei melankolske undertonane som diktet formidlar.





Kjeldehenvising:

http://www.dagogtid.no/arkiv/1997/22/sverdrup.html
http://www.dagbladet.no/sverdrup/index.html
http://www.snl.no/Harald_Ulrik_Sverdrup/forfatter
http://www.aftenposten.no/alex/litterat/forfatte/sverdrup.htm
http://www.snl.no/.nbl_biografi/Harald_Sverdrup/utdypning

6 kommentarer:

  1. SINNSYKT! Halllooooo! D e da 40000 ganga bedre enn d lille pisset i har skrevve da! :(

    SvarSlett
  2. Bra Therese! Eg lest faktisk heile, haha. Svært grundig og flott analyse! Først og fremst dødsimponert over at du e ferdig allerede. Eg slit som faen.

    SvarSlett
  3. haha takk! til begge to, shiiit kor eg sleit! håper godeste sveinung blir kjempefornøgd og gir meg A og suss på kinnet. Eller A i allefall ;)

    SvarSlett
  4. Therese!

    Takk først for samvittighetsfull fremstilling av originalteksten. Jeg trengte teksten akkurat nå, og din versjon synes autentisk og korrekt - veldig flott for meg!

    Du har min fulle sympati for din grunnholdning til dikt og medfølgende frustrasjon - det har kanskje også Sveinung Time, om det kommer til stykket, men en tekstanalyse kan anta mange former og behøver slett ikke bli pedantisk lineær og overfladisk.

    Jeg hørte først 'Sjømannsvise' fremført på slutten av 1960-tallet av Alf Cranner som akkompagnerte seg selv på elektrisk bassgitar - og var helt fjetret og lamslått av fremførelsen og helheten av poietisk og musikalsk uttrykk - er det vel fremdeles . . .


    Takk igjen for din omhu!

    Jo Selsjord
    (jo krøllalfa selsjord.com)

    SvarSlett
  5. Synger denne visa med koret og skal fremføre i kveld. Siste beskjed fra dirigent var: tenk på hva det er dere synger om og syng med mer innlevelse! Da holdt det ikke lenger med å kunne visa utenatt. Det trengtes en diktanalyse. Gjett hva jeg fant da jeg søkte på nettet? Takk for gjennomtenkte ord og tanker. Skal gruble litt selv nå og så tenker jeg kveldens konsert blir gripende. Tusen Takk for hjelp på veien :) Hege

    SvarSlett
  6. Hei Hege,
    Så hyggelig at denne analysen fremdeles er aktuell, så mange år etter at jeg publiserte den. Godt å høre at den kunne tilføre deg noe, lykke til med fremførelsen i kveld!
    Mvh Therese

    SvarSlett