Sider

....

fredag 6. november 2009

Haust

Klokka 12 i dag tidlig vart eg hjerterått reven ut av søvnen av telefonen som ringte, og eg fann meg sjølv liggande i ein sjukt vridd stilling i tosetaren på stua. Der hadde eg sovna ein eller gong lenge etter 5 i natt, under eit iherdig forsøk på å få dei trøtte augo mine til å halde seg opne lenge nok til å få med seg aller siste episode av Dexter. Plutselig tilhørte kroppen min ei 90 år gammal, giktisk dame som hadde vore på whisky-fylla i ei veke.
Ute var det sol frå skyfri himmel, og iskald haustluft; perfekt dag med andre ord! Så då vart det
ut og bevege den giktiske gamledamekroppen min.




Hm. Dette bilete såg litt ut det var teke på 60-talet ein gong. Men det er faktisk frå i dag.





Treet minner meg litt om Edward Scissorhands...









Oppdaging; eg hugleikar haust



Gode ting med hausten:
- Ein kan - med godt samvit - sitte under dyna og sjå gamle TV-seriar med ein kopp te
- Ein (les: eg) kan grave seg ned i sin eigen melankoli
- Kalde, klare dagar blir berre enda kaldare og klarare
- Finfine haustfargar
- Søte gamle ektepar som går tur (okay, dei går vel eigentleg tur ganske ofte, men eg tykkjer dei ser ekstra søte ut på ein bakgrunn av raude og gule blad)

Bøker du MÅ lese i haust (dersom du ikkje alt har lese dei):
- Vindens skygge
- Boktyven
- Greven av Monte Christo

....og så musikk som eg tykkjer høver koslige haustkveldar:
- Minor Majority
- Madrugada
- Damien Rice
- Norah Jones

God haust!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar