Sider

....

fredag 9. april 2010

Pakkefredagsologlønningsdaghey

Lots of things are goin on right now. Eg tilpassar meg til min nye singeltilværelse, og forsøker å samle saman trådane av det som er livet mitt (Les: Prøver å stappe 500'000 klesplagg oppi EN stakkars koffert. Treng eg å nevne at det ikkje funkar?), medan eg er flink og flittig lærarstudent. Å være lærarstudent er både det beste og det verste på mi liste over gjeremål. Den eine dagen kan eg sitte og slite med perfektum og preteritum og adjektiv og verb, medan eg aller helst vil trekke ein plastikkpose over hovudet og stramme godt igjen. Den neste dagen, som i dag, er det
1) Fredag - og dermed helg!
2) SOL
3) Lønningsdag
4) Heile skuledagen har gått med på å lage ny stemningsmusikk og nye lydeffekter til eit gammalt Indiana Jones-klipp! UFATTELIG GØY!

For å gjere alt enda litt betre, så har eg faktisk greidd å bli ferdig med Prosjekt Pack-or-Destroy. Halvparten av kleda har eg fått oppi (neida, ikkje ein, men...) TO koffertar, og den andre halvparten blir nok ein eller annan heimlaus person veldig glad for å få.

Løfte til meg sjølv: Eg skal ALDRI meir shoppe igjen. NEVER ever. Shit, eg kunne seriøst ha opna min egen butikk med brukte (- og ubrukte!) klede.

Oppdaga forresten at 90% av mi garderobe består i svarte klede. Eg er visst litt keisam. Men tenk så praktisk da, når eg skal vaske klede slepp eg i allefall å fargesortere. I might seem boring, but im actually quite brilliant. So brilliant, in fact, that i outsource you in my brillianceness in such a powerful way that you will never actually discover my genious. But geniouses strive to be misunderstood.

Ha ein fin dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar