Sider

....

mandag 5. april 2010

Ein kynisk jævel

Eg likar ikkje folk. Folk krever og forventer, gnåler og maser, og i det lange løp blir det aldri bra nok, uansett kor hardt du prøver.

Folk er enkeltindivid, og enkeltindivid utgjer samfunn. Det er vel strengt tatt samfunnet eg ikkje liker.

Samfunnet krever at du skal ha en jobb, men av dei pengane du tjener går til 32% tilbake til staten. Resten forsvinn i mat og husleige. Så måned etter måned held du fram, som den flittige mauren du er, å tjene penger, betale 32% til staten, og resten til eget opphold. Du skaffer deg en utdanning, en jobb, en familie og 1,4 barn. Kanskje du til og med går til anskaffelse av en golden retriver. Du er til, rett og slett.

Eg er inneforstått med det faktum at balansen mellom lønnsarbeid og skatt er grunnsteinane som dagens samfunn er bygd på, men ser likevel på det som vekkasta energi.

Eg har absolutt ingenting imot kunnskap og utdannelse. For meg er kunnskap overenstydande med sjølvstende.

Det eg derimot ikkje fordrar her, er mønsteret. Det virker for meg som at samfunnet har bygd en mal for en måte å leve på som er så integrert i folk at man ikkje lenger stiller spørsmålstegn ved nokosomhelst. Er det 100% nødvendig at man følger denne malen for at ein skal ha eit velfungerande samfunn?

Ja, eg forstår at vi må ha penger til mat, tak over hovudet, og så vidare. Det kan hende at det berre er meg som er dum her, men forestill deg eit samfunn basert på ytelse og gjennytelse. Du lager mat til meg, så passer eg barn for deg. Du bygg eit hus for meg, så dyrker eg grønnsaker til deg (ja, eg ser at eg kjem best ut av det i begge eksempela. Intended).

Dette høres egentlig ut som eit stammesamfunn... Men kva er egentlig gale med eit samfunn basert på tjenestar?

Men tilbake til det eg begyndte med. Folk. Forventningar og krav. Problemet er vel kanskje ikkje krava i seg sjølve, men den egosentriske måten folk tenker på. Du er, derfor er eg? Du meiner at eg skal vere sånn og slik, fordi det, i ditt verdsbilete, er idealen. Skjønner du kva eg meiner?

Eg syns det er litt hyggelig med mennesker som tenker "utanfor boksen." Artig uttrykk, det der, ettersom det å "tenke utanfor boksen" i overført betydning fortel om ein person som "ikkje tenker slik som deg og meg." Deg og meg blir her eit slags fellesskap, og alle dei som ikkje tenker og handler på same måte, er automatisk "utanfor boksen," "ikkje heilt A4," eller rett og slett unormal. Eg greier ikkje heilt å sette meg inn i dette ekstreme behovet for å tenke og handle på same måte. Eg kjenner ikkje ein einaste person som tenker og handler slik som meg, men det er jo der spenninga ligg. Det virker på meg som at mange har gitt opp å søke etter spenning, og i staden søker tryggleiken innanfor dei felles aksepterte rammene. Er du ugift og over 30, er du unormal. Har du ikkje reprodusert etter fylte 30, er du unormal. Det fins så utrulig mange bagateller som kan sette deg utanfor den fastsette malen, og eg er lei av det.

Faktisk så misliker eg både samfunnet og enkeltindivid generelt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar