I dag lot eg skule vere skule og sov LENGE! Etter 38 våkentimer OG eksamen i går, syns eg at eg fortjente det.
Gruppearbeidet med elevtekstanalysen slapp eg derimot ikkje like billig unna! Og siden det høljeregna (og kanskje fordi eg var.... LITT sein? :p) fann eg ut at eg likesågodt tok bussen opp til skulen. Eg oppdaga fort at eg like gjerne kunne ha gått.
Det er to trasèer som kjører opp til Landås, og eg bestemte meg for den som var nærast. I det bussen skulle ta av, fekk den motorstopp, og etter ti minutt var det berre å innsjå tapet. Og det var jo ingen vits i å bytte buss heller, siden den havarerte bussen blokka for all trafikk! Bussjåføren sendte ut internmelding om at bussane måtte kjøre den andre ruta.
Så eg traska og gjekk til trasè nr. to. Men trur du faen meg ikkje at en buss fekk motorstopp DER OGSÅ???!!!! Så dermed var BEGGE trasèene ut av byen blokkert av svære busser. Herlig.
Å kalle busselskapet "Tide" må være det mest ironiske eg nokon gong har hørt. Du kjem ALDRI i tide med Tide, det kan du banne på.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar