Sider

....

onsdag 14. april 2010

Those crazy days

Eg har, som sagt, funne meg ein stad å bo. Gleder meg som en unge i godtebutikken til å bo i kollektiv og ha folk rundt meg heile tida, bo mid i sentrum, og ta vare på meg sjølv! Det har eg drømt om så lenge at, no - NO - er det på tide!

No begynner endelig bitane å felle på plass. Har vore så sjukt stress dei siste dagane:
- Finne stad å bo
- Bli kvitt leiligheita som eg bur i no
- Finne flotte menneske (helst med bil) som kan hjelpe meg å flytte
- Skrive ferdig fagoppgåva som er due på fredag- Rydde-pakke-vaske-stresse-bli gal
- Komme opp med dei drøye 13'000 kronene som det vil krevje av meg å ha eit tak over hovudet den neste månaden. Ikkje fordi leiligheita er så dyr, men alle omkostingane rundt flytting, depositum, husleige x2, osv osv.

Men NO er (nesten) alt på stell, og det er så major goodstuff at det gjer godtvondt inni meg!

Bergen er forresten fantastisk for tida. Sol, varme og glade, søte mennesker. For ærlig talt, kven kan være det aller minste sinna/sur/deppa/negativ når sola skin? Ikkje eg i allefall! Når sola skin er det nesten slik at setningsanalyse og fonetikk blir dødsgøy. Nesten da. Ok, eg vil framleis dø ein smertefull død i desse timane, men ellers er livet bra. Apropos setningsanalyse, så er eg PSYCHED for FEM TIMAR med nettopp det i morgon tidleg klokka halv ni. Nei seriously, eg er ikkje det. Aller helst vil eg legge meg ned og grine.

En sånn liten PS!
FAMILY GUY.
I går gjorde eg ei kjempeoppdaging! Eg har sett sesong 1-6 av serien, men så, når sesong 8 kom ut, hoppa eg meir eller mindre umedviten rett på den. Så dermed hadde eg ein heil sesong USETT, som eg sparar til dårlige tider.
Det var faktisk det beste med heile gårsdagen, trur eg. Pluss bandrotasjon da, som er konge! Alle på gruppa vel "sin" sang som dei skal synge, og så skal resten spele ulike instrument. Eg spelar trommer på "yesterday," gitar på "seven nation army" og "bad moon rising," bass på "you've really got me" og syng på "majesty." Kjempegøy. Men eg var passe upopulær i går siden eg fordov meg en halvtime og forårsaka at gruppa måtte øve gjennom heile lunsjen. Not so cool. Men eg har innsett mine begrensingar, og tid er ei av dei. Tid er for meg eit relativt abstrakt begrep som eg ikkje heilt greier å forholde meg til, egentlig. Men eg syns ikkje det er så farlig, eg har jo tross alt overlevd i 22 år. Om eg då blir upopulær av den grunn så kan eg jo berre skulde på diverse tynne orsakingar og dårleg oppdraging.

Men sånn, just for the record. Flytting er det mest irriterende og stressende eit menneske kan ta seg til. At nokon gjer slikt frivillig overgår mi forståing, pardon me while i cry myself to sleep lzm.

PPS! Dersom nokon har ein spotify-invite på lur, så hadde det faktisk vore veldig fantastisk. Ein spotify-invite mot overstraumande kjærleik og hugleik. Hvis DET ikkje er ein bra deal, så veit ikkje eg.


Av mangel på spesielt illustrerande bilete, slenger eg ved eit frå toppen av Bondalseidet frå no i vinter, som i det minste kan stå som eit symbol på at JA, eg har heimlengsel!

tirsdag 13. april 2010

Jammen jezzzzzzzzzes in da house da. Kan ikkje noken kommentere vilt, slik at ej fe følelsen av at noken faktisk lese pisset ej skriv?

Hey. I love you
lzm
koz ;)

something about thea

Eg held meg stort sett for god til å svare på "spørsmål om deg selv," men alt er betre enn å måtte gå og legge seg.

Namn: Therese Dahl

Dersom eg hadde vore gut? Haggbart. Sånn at eg kunne blitt mobba og sparka rundt på skulen, opparbeida ei hatsk innstilling til verda, blitt maktsjuk for så å verte verdsdiktator.

Stjernetegn: Virgo. Populært kalla jomfruen, Jomfru Therese, Moder Therese, same shit.

Fødestad: Rotset, Volda, Noreg, Jorda, Universet, Kosmos.

Slik er eg: Glakristen ADHDkid med sterke emotendenser.

Drømmeyrke: Diktator. Eller shellansatt.

Eg ville helst budd: Der sola er.

Kva gjorde du i går? Våkna hos Silje, gjekk heim og vart drept av egen fylleånde. Never again.

Favorittfilm: V for vendetta

Favorittbok: Greven av Monte Cristo

æsj, no gidd eg ikkje meir... :( iknew it.. this is still for suckers. Gonatt

mandag 12. april 2010

I LOVE THIS GAME.
addicted.

Knekkebrød med brunost?

Sitter våken midt på natta og venter på at brød skal bli ferdig i ovnen. Idiotisk å begynne på slikt seint på kvelden, men man må jo ha frokost. Men blir streeess å stå opp i morga!

Skal på visning i morga; et kollektiv midt oppe på nygårdshøyden! Håper eg får den (hvis den virker okay) for er ganske lei av å bo milevis utenfor byen. Virka i allefall ganske perfekt for min del, messy people som søker etter rotete leigeboer. Seriously, det er mulig. I didnt think it was. Men gidd ikkje å havne i kollektiv med crazyass ryddige folk som sutrer over rotet mitt, som er relativt uunngåelig. Eg er verdens mest rotete person!

Sitt og ser Cleveland Show, av rein kjedsomhet, siden eg har sett alle Family Guy-episodene til døde. Men guess what? CS sucks. BIGTIME. I allefall samenlikna med Familyguy! Cant beat that!

Eg hadde forresten et megagjennombrudd idag! I dag er dagen da skoa mine gjekk i søpla. Eg brukte ein time på å kvinne meg opp til å kaste dei, men når dei er så ekle at eg egentlig ikkje hadde lyst til å ta på dei en gang, var det nok på tide å innsjå nederlaget. Dette er skoa som har blitt med på roskilde to år på rad og aldri blitt vaska. Og så var dei fulle av hol. Og veit du kva? Det funker ikkje å impregnere holete sko. I have tried. Eg trudde faktisk at alt i verda kunne impregnerast og på magisk vis bli vasstett, men impregnering er ingen sak for en ekte bergensk regndag :(

Hm. No når eg ser dette bildet, begynner eg å innsjå at dei faktisk er kjempestygge! Men dei passa så bra til min hippiepersonlegdom.

Det har eg forresten tenkt på. Eg skal bli totally hippie. Make love, not war, lissom. Eg er jo på god veg da: veggis med forkjærlighet for kaos og hugleik. Jepp.

lørdag 10. april 2010

Ragnarok

Nok en film om "verdens undergang:" 2012.
Inntrykk? Sett det før. Et salig sammensurium av Deep Impact, Armageddon, The Day After Tomorrow og andre filmer om verdens undergang.

Yes, we get it. Vi skal dø. Some day. Og dødsårsaken vil mest sannsynlig være global oppvarming eller kjempekometer. Got that one too.

fredag 9. april 2010

Frå no av skal eg dedikere livet mitt til gullfiskoppdrett.

Pakkefredagsologlønningsdaghey

Lots of things are goin on right now. Eg tilpassar meg til min nye singeltilværelse, og forsøker å samle saman trådane av det som er livet mitt (Les: Prøver å stappe 500'000 klesplagg oppi EN stakkars koffert. Treng eg å nevne at det ikkje funkar?), medan eg er flink og flittig lærarstudent. Å være lærarstudent er både det beste og det verste på mi liste over gjeremål. Den eine dagen kan eg sitte og slite med perfektum og preteritum og adjektiv og verb, medan eg aller helst vil trekke ein plastikkpose over hovudet og stramme godt igjen. Den neste dagen, som i dag, er det
1) Fredag - og dermed helg!
2) SOL
3) Lønningsdag
4) Heile skuledagen har gått med på å lage ny stemningsmusikk og nye lydeffekter til eit gammalt Indiana Jones-klipp! UFATTELIG GØY!

For å gjere alt enda litt betre, så har eg faktisk greidd å bli ferdig med Prosjekt Pack-or-Destroy. Halvparten av kleda har eg fått oppi (neida, ikkje ein, men...) TO koffertar, og den andre halvparten blir nok ein eller annan heimlaus person veldig glad for å få.

Løfte til meg sjølv: Eg skal ALDRI meir shoppe igjen. NEVER ever. Shit, eg kunne seriøst ha opna min egen butikk med brukte (- og ubrukte!) klede.

Oppdaga forresten at 90% av mi garderobe består i svarte klede. Eg er visst litt keisam. Men tenk så praktisk da, når eg skal vaske klede slepp eg i allefall å fargesortere. I might seem boring, but im actually quite brilliant. So brilliant, in fact, that i outsource you in my brillianceness in such a powerful way that you will never actually discover my genious. But geniouses strive to be misunderstood.

Ha ein fin dag.

onsdag 7. april 2010

Solid gold shit, maestro.

ÅTTE TIMER med preteritum, perfektum, ordklasser, setningsanalyse og.... WHAAT?
Eg kom, eg såg, eg gjekk heim. Jeez... Og nevnte eg at eg skal ha EKSAMEN i dette...? Remind me again, kvifor søkte eg meg inn på torturlinja? La nokon andre ta seg av utdanninga av noregs framtidige generasjonar, så går eg og lagar trebåtar eller bygg steinvarder på fjelltoppar eller noko anna fornuftig. Perfektum infinito.

tirsdag 6. april 2010

BILDER FRA PÅSKA

Snåsa; veni, vidi, vici. Har lagt ut linken før, så denne er mest til Silje som måtte bla seg gjennom heile ekshibisjonen av mitt eksponeringsbehov for å finne fram til dei. Så værsågod :)

- med forbehold om diverse ufotogene øyeblikk. Men hey, sjølvironi folkens? ;) Whatup?!

mandag 5. april 2010

Ein kynisk jævel

Eg likar ikkje folk. Folk krever og forventer, gnåler og maser, og i det lange løp blir det aldri bra nok, uansett kor hardt du prøver.

Folk er enkeltindivid, og enkeltindivid utgjer samfunn. Det er vel strengt tatt samfunnet eg ikkje liker.

Samfunnet krever at du skal ha en jobb, men av dei pengane du tjener går til 32% tilbake til staten. Resten forsvinn i mat og husleige. Så måned etter måned held du fram, som den flittige mauren du er, å tjene penger, betale 32% til staten, og resten til eget opphold. Du skaffer deg en utdanning, en jobb, en familie og 1,4 barn. Kanskje du til og med går til anskaffelse av en golden retriver. Du er til, rett og slett.

Eg er inneforstått med det faktum at balansen mellom lønnsarbeid og skatt er grunnsteinane som dagens samfunn er bygd på, men ser likevel på det som vekkasta energi.

Eg har absolutt ingenting imot kunnskap og utdannelse. For meg er kunnskap overenstydande med sjølvstende.

Det eg derimot ikkje fordrar her, er mønsteret. Det virker for meg som at samfunnet har bygd en mal for en måte å leve på som er så integrert i folk at man ikkje lenger stiller spørsmålstegn ved nokosomhelst. Er det 100% nødvendig at man følger denne malen for at ein skal ha eit velfungerande samfunn?

Ja, eg forstår at vi må ha penger til mat, tak over hovudet, og så vidare. Det kan hende at det berre er meg som er dum her, men forestill deg eit samfunn basert på ytelse og gjennytelse. Du lager mat til meg, så passer eg barn for deg. Du bygg eit hus for meg, så dyrker eg grønnsaker til deg (ja, eg ser at eg kjem best ut av det i begge eksempela. Intended).

Dette høres egentlig ut som eit stammesamfunn... Men kva er egentlig gale med eit samfunn basert på tjenestar?

Men tilbake til det eg begyndte med. Folk. Forventningar og krav. Problemet er vel kanskje ikkje krava i seg sjølve, men den egosentriske måten folk tenker på. Du er, derfor er eg? Du meiner at eg skal vere sånn og slik, fordi det, i ditt verdsbilete, er idealen. Skjønner du kva eg meiner?

Eg syns det er litt hyggelig med mennesker som tenker "utanfor boksen." Artig uttrykk, det der, ettersom det å "tenke utanfor boksen" i overført betydning fortel om ein person som "ikkje tenker slik som deg og meg." Deg og meg blir her eit slags fellesskap, og alle dei som ikkje tenker og handler på same måte, er automatisk "utanfor boksen," "ikkje heilt A4," eller rett og slett unormal. Eg greier ikkje heilt å sette meg inn i dette ekstreme behovet for å tenke og handle på same måte. Eg kjenner ikkje ein einaste person som tenker og handler slik som meg, men det er jo der spenninga ligg. Det virker på meg som at mange har gitt opp å søke etter spenning, og i staden søker tryggleiken innanfor dei felles aksepterte rammene. Er du ugift og over 30, er du unormal. Har du ikkje reprodusert etter fylte 30, er du unormal. Det fins så utrulig mange bagateller som kan sette deg utanfor den fastsette malen, og eg er lei av det.

Faktisk så misliker eg både samfunnet og enkeltindivid generelt.

På med joggeskoa!

I dag var det skikkelig vår ute, kjempeflott.
Så flott, faktisk, at eg kosta støvet av dei gamle joggeskoa (ubrukt siden i haust!) og stakk ut for å trene vekk ølmagen. Eg har altså jogga i en time, opp og ned alle gater og smug på landås og omegn. Absolutt ikkje i toppform, oppdaga eg, men det skulle egentlig berre mangle ettersom at eg ikkje har sove på snart 24 timar...

Da eg jogga forbi Brann stadion, såg eg ein gammel mann som gikk og samlet flasker oppi rullatorkorga si. Så da spør eg, kva er grunnen?
a) Velferdssamfunnet Norge sin eldrepolitikk
b) Et sterkt ønske om en fin og ryddig park

Ikkje veit eg. Men moralen kan da og vere alternativ:
a) Drikk meir øl og kast meir flasker rundt, slik at denne gamle mannen får råd til tobakk i pipa
b) Drikk mindre øl og kast mindre flasker rundt, slik at denne gamle mannen slepp å vandre rundt med rullatoren sin klokka 9 om morgonen for å rydde opp etter deg

Eg stemmer alternativ c) Drikk fra boks.
- lettare å bære, men framleis råd til tobakk i pipa!

søndag 4. april 2010

No er klokka snart 9, og null søvn! Eg åt nøtter til nattmat (smart?) og no greier eg ikkje å puste og ligge samtidig. Eller noko slikt. Og prisen for idioti gjekk til....? ¤

lørdag 3. april 2010

ok, det fins veldig mange ting som er verre enn å skrive oppgave. herregud kor bitter og sjølvsentrert eg er. bitchslap me, please

Them Crooked Vultures

Kva skjer om Dave Grohl, Josh Homme og John Paul Jones ender på nach sammen? Dei lagar band! Alle er dugande musikarar med historikk fra kjente grupper som nirvana, foo fighters, queens of the stone age og led zeppelin; grupper med ulike, varierte lydbilete. Så korleis har det seg då at resultatet av denne "kreative fusjonen" blir ein middelmådig versjon av qotsa? Eg er litt skuffa. Det skal jo ikkje så veldig mykje til for at slike musikarar skal greie å lage dugande musikk, så da kan neste steg vere å komme opp med noko særegent?

Eg skal ikkje vere så arrogant at du ikkje skal få lov å gjere deg opp ei eiga meining, så lytt gjerne, her. Hold deg fast for høgdepunktet på slutten med heftig korpsmusikk.

Feedback!

ps. Om du liker dette, så kom deg til Roskilde eller Hove i år. Roskilde kan du forresten dra til uansett, når eg tenker meg om.

Ja?

Satt og såg på artistlineup'en til årets Roskilde-festival, og må ærlig innrømme at eg har sjukt lyst til å reise. Einaste greien er at eg har vore der to gongar før, og gått mange, mange tusen i minus på konton begge gangene. Men om det er verdt det? Have a look!

alice in chains
converge
gallows
killswitch engage
motörhead
muse
porcupine tree
valient thorr

Whats not to love?
Boredom. BIGtime. What to do when there is no more beer and no more fish? Gahgahgah. You make a blog about how your life all of a sudden has a huge lack of fish and beer. Then you throw in a picture of yourself and call it news. Thats what you do.

fredag 2. april 2010

mindfield

Legg ikkje ut på tur utan trening

Meld fra kvar du går

Vær rustet mot vær og vind

Lytt til erfarne fjellfolk

Gå ikkje aleine

Vend i tide. Det er ingen skam å snu!

road house!

Har vore i(/på?) Snåsa i påska og besøkt Risten! Veldig koslig :) Vi har skravla, spela gitar og konsumert store mengder øl. Vi har chilla med family guy, og eg har tapt i alle spel som man kan tape i. Altså alt fra Fantasi til Legretto. Håplause kvinnemenneske utan konkurranseinstinkt, rett og slett.
Og no er eg tilbake i Bergen. Her er ingen mennesker, fordi resten av verda tydeligvis framleis har påskeferie. Og så var her ikkje brød, så eg måtte (....hold deg fast!) BAKE! Har aldri skrytt på meg høgtståande husmorevner, men er man brødlaus så er man brødlaus. Og man er da ikkje evneveik heller. For, som eg oppdaga, så er det faktisk ingen heksekunst å bake brød. Eller lage brun saus heller, for den del. Suck on it, desperate housewifes! Høhø.
Eg har forresten lagt att mobilladeren min på Snåsa, og har null batteri. Det suge litt, men har jo tross alt blitt vant til å vere mobillaus. Nevnte eg at eg har mista TRE mobiler, kun i februar? Forbruksvare.