Så da skulane tok ferie 19. desember pakka eg klede, gaver og alt anna vi måtte trenge i bilen, og var klar for avreise neste dag.
No er det jo slik at ting som regel ikkje blir heilt slik du har planlagt, og dette blei intet unntak. Hennika våkna med 40 i feber, og var kjempedårlig. Eg pleia og venta på bedring, men ho var og blei sjuk og svak.
Til slutt oppsøkte eg lege, og ho vart innlagt på barneklinikken på Haukeland med streptokokker i halsen og CRP på 197. Der fekk ho antibiotika, og utrulig nok såg vi bedring etter få timer.
Dagen etter, på lillejulaften, vart ho utskriven, og på julaften kunne vi endelig ta bilen fatt og kjøre til Volda!
Eg må innrømme at klumpen i halsen var ganske stor da vi kjørte av ferga i Volda sentrum
rett før julematen var sett på bordet.
Så da blei det jul likevel! Vi har kosa oss veldig, med tonnevis av julegaver, mange familieselskap og altfor mykje god mat :)
Vi fikk til og med besøk av julenissen, som for anledningen hadde pyntet seg med mascara.
Dette blei virkelig ei GOD JUL!
Berre så utrulig koselig at dåkke kom og gleda Mommo <3
SvarSlett