Merkelig kva litt sol og varme kan gjere med humøret! I dag var det skikkelig feelgoodstemning i Bergen. Har slappa av i sola og gått til innkjøp av nye sko, siden dei gamle var litt meir enn litt utslitt, og måtte kastes i går. Sidan eg hater å kjøpe sko vart det egentlig dei første og beste eg fann, svarte converse. Kjenner eg meg sjølv rett er dei vel utgått innan sommaren er omme.
(Sitt og skal lese no, men merker at eg slit LITT med å engasjere meg for stoffet. Men må man så må man.)
Nasjonaldag i går, og eg bytta likesågodt ut bunaden med shelluniform. Stod opp klokka fire og gikk til Sletten, og presterte LIKEVEL å komme for seint på jobb. Eg trur eg har ein feilkonstruksjon, for dette er heilt vanvittig.
På tross av at alle som var innom shell iløpet av dagen syns forferdelig synd i meg fordi eg måtte jobbe, hadde eg faktisk en kjempedag. Alle som kom innom var så glade og fornøgde at det var like før gliset gikk heilt rundt. Og det at eg tente 312 kroner i timen (f.s) gjorde jo så absolutt ikkje saken noko dårligare! Etter jobb stakk eg til byen og møtte nokre venner. Vi hang stortsett kun på Dubliner oppe ved Fløien og kosa oss med live musikk medan vi skåla for folk og fedreland. Absolutt ikkje feil!
Men, et lite biinnlegg. Om det er nokon der ute i verda som har litt meir peiling på internett og slikt enn meg (det skal ikkje så mykje til), så lurer eg på om det fins ei enkel forklaring på kvifor nettet mitt streiker i tide og utide. Umulig å streame musikk, fordi tilkoblinga er heilt ute.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar